Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

4

Jesus blir freista

1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. 3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» 4 Jesus svara: «Det står skrive:

Mennesket lever ikkje av brød åleine,

men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg.

Og:

Dei skal bera deg på hendene

så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:

Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom 9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan skal du tena.»

11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

Jesus tek til med si gjerning

12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea. 13 Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land. 14 Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15 Sebulons og Naftalis land,

ved vegen til havet,

bortanfor Jordan,

heidningars Galilea,

16 det folket som bur i mørker,

har sett eit stort lys,

over dei som bur i dødsskuggens land,

har lyset stråla fram.

17 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

Dei første læresveinane

18 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar. 19 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 20 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.

21 Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei, 22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.

Jesus forkynner og lækjer

23 Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket.

24 Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei. 25 Ei stor folkemengd følgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene bortanfor Jordan.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.