1 Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet i dei dagane då Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, det han såg om Samaria og Jerusalem.
Herren openberrar seg til dom
2 Høyr, alle de folkeslag!
Lytt, du jord
og alt som fyller deg!
Herren Gud skal vera vitne mot dykk,
Herren sjølv, frå sitt heilage tempel.
3 Sjå, Herren går ut frå sin stad,
stig ned og skrid fram
over høgdene på jorda.
4 Fjella smeltar under han,
og dalane rivnar,
som voks når det smeltar for elden,
som vatn når det renn utfor stupet.
5 Alt dette
på grunn av Jakobs opprør
og Israels synder!
Kva er Jakobs opprør?
Samaria!
Og kva er Judas offerhøgder?
Jerusalem!
6 Men eg skal leggja Samaria i ruinar
og gjera byen om til vinmarker.
Eg velter steinane ned i dalen
og legg grunnvollane hennar berre.
7 Alle gudebileta hennar skal knusast,
alle horegåvene skal brennast,
og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja.
Med horepengar har ho samla dei,
og til horeløn skal dei bli.
8 Difor må eg klaga og jamra,
gå berrføtt og naken omkring,
eg held klage som sjakalen,
har sorg som strutsen.
9 For skaden hennar kan ikkje lækjast.
No står Juda for tur.
Det har nådd til mitt folks port,
til Jerusalem.
Klage over byane i Juda
10 Kunngjer det ikkje i Gat!
Ikkje gråt og klag!
Velt deg i støvet i Bet-Leafra!
11 Dra bort naken og med vanære,
du som bur i Sjafir!
Ho som bur i Saanan,
kjem ikkje ut.
I Bet-Ha'esel held dei klage,
der får de ikkje støtte.
12 Ho som bur i Marot,
ventar på lukke,
men ulukke frå Herren
kjem ned ved Jerusalems port.
13 Spenn hestane for vogna,
du som bur i Lakisj!
Der var opphavet
til synd for dotter Sion,
for hos deg er Israels opprør å finna.
14 Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat.
Som ein uttørka bekk
er husa i Aksib for Israels kongar.
15 Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg,
du som bur i Maresja.
Til Adullam kjem Israels pryd.
16 Klipp deg og rak deg snau
for borna du hadde kjær!
Klipp deg snau som ein gribb,
for dei er førte bort frå deg.