Gå til forsiden

Nahum

2 

1 Sjå, dei spring over fjella,

føtene til den som ber bod

og forkynner fred.

Hald dine høgtider, Juda,

og gjer det du har lova!

For aldri meir kjem dei vonde mot deg,

dei er heilt utrydda.

Ninive fell

2 Han som skal spreia deg,

tek ut mot deg.

Hald vakt i borga,

hald auge med vegen!

Spenn beltet om livet,

vis stor kraft og styrke!


3 For Herren reiser opp att

både Jakobs og Israels stordom,

fordi ransmenn tok rov

og la vinrankene deira aude.


4 Skjolda til heltane er farga raude,

krigsmennene er kledde i skarlak.

Vognene er som brennande jern

den dagen han stiller dei opp til kamp,

spyda er innsette med gift.

5 Gjennom gatene rasar vognene fram,

over torga fer dei att og fram.

Dei ser ut som faklar,

som lyn fer dei av stad.

6 Han kallar fram stormennene sine,

dei snublar medan dei spring,

dei stormar bymuren,

skjoldtaket blir reist.

7 Portane mot elva blir slegne opne,

palasset vaklar.


8 Dei stiller henne naken fram

og fører henne bort.

Tenestejentene klagar som duer

og slår seg for brystet.

9 Ninive liknar ein dam

som vatnet renn ut av.

«Stans! Stans!»

Men ingen kjem att.

10 Ran sølv, ran gull!

Her er rikdom utan ende,

rikeleg med vakre ting.

11 Øydelegging, meir øydelegging,

alt ligg audt!

Redde hjarte, vaklande kne,

hoftene skjelv, kvart andlet blir raudt.


12 Kvar er løvehòla

der ungløvene fekk mat,

der løve og løvinne gjekk

og ingen skremde løveungane?

13 Løva reiv i hel,

ungane fekk det dei trong,

ho kvelte byttet for løvinnene sine,

fylte hi og hòler med kjøt.

14 Sjå, eg kjem mot deg,

seier Herren over hærskarane.

Eg lèt vognene dine gå opp i røyk.

Sverd skal eta ungløvene dine,

byttet ditt vil eg rydda ut frå jorda.

Ropet frå dine sendebod

skal aldri høyrast meir.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.