Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

27

Lov om arverett for døtrer

1 No kom døtrene til Selofhad fram. Selofhad var son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son. Døtrene heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. 2 Dei stilte seg opp framfor Moses og presten Elasar og leiarane og heile forsamlinga ved opninga til teltheilagdomen og sa: 3 «Far vår døydde i ørkenen, men han var ikkje med i den forsamlinga som sette seg opp mot Herren, Korahs forsamling. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner. 4 Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»

5 Moses la saka deira fram for Herren, 6 og Herren sa til han: 7 «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei eigedom til arv saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei! 8 Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la arven etter han gå over til dottera. 9 Har han inga dotter heller, skal de gje arven til brørne hans. 10 Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få arven. 11 Men hadde ikkje far hans nokon bror, skal de gje arven etter han til den næraste slektningen hans. Då er den hans eigedom.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, slik Herren påla Moses.

Josva blir innsett i tenesta

12  Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet og sjå det landet eg har gjeve israelittane. 13 Når du har sett det, skal du òg bli sameina med folket ditt, slik som Aron, bror din, før deg. 14 For de sette dykk opp mot mitt ord i Sin-ørkenen den gongen forsamlinga gjorde opprør. Då skulle de ha helga meg for auga på dei ved hjelp av vatnet.» – Det er Meriba-kjelda ved Kadesj i Sin-ørkenen.

15 Moses sa til Herren: 16 «Må Herren, som er Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod, setja ein mann over forsamlinga, 17 ein som kan gå føre dei når dei dreg ut og når dei vender heim att, ein som kan føra dei ut og føra dei tilbake, så Herrens forsamling ikkje skal vera som sauer utan gjetar.»

18 Då sa Herren til Moses: «Ta Josva, son til Nun, ein mann som det er ånd i, og legg handa di på han! 19 Før han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga, og set han inn i tenesta medan dei ser på. 20 Gjev han noko av den makta du sjølv har, så heile Israels forsamling må lyda han. 21 Men han skal gå fram for presten Elasar, som skal bruka urim og søkja avgjerder for han for Herrens andlet. På hans ord skal dei dra ut, og på hans ord skal dei venda attende, han og alle israelittane saman med han, heile forsamlinga.»

22 Moses gjorde som Herren påla han. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga. 23 Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.