Bibel lillaBibel 2024
Dato14Kommer 14. mars
Gå til forsiden

Paulus' brev til filipparane

1

Helsing

1 Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar: 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Takk og bøn for forsamlinga

3 Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. 5 For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. 8 Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Alt som har hendt, tener evangeliet

12 Eg vil de skal vita, sysken, at det som har hendt meg, har tent til framgang for evangeliet. 13 For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer. 14 På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet. 15 Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje. 16 Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet. 17 Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera. 18 Men kva gjer det? Kristus blir i alle tilfelle forkynt, om det er med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over.

Ja, eg skal få endå meir å gleda meg over! 19 For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande. 20 Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.

21 Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning. 22 Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23 Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. 24 Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare, 25 og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. 26 Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.

Strid for evangeliet med Kristi sinnelag

27 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet 28 og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk. 29 For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han. 30 De står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.