Første boka
Sal Salme 1–4111 Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause,
ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,
2 men har si glede i Herrens lov
og grundar på hans lov dag og natt.
3 Han er lik eit tre planta ved rennande vatn.
Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje.
Alt han gjer, skal lukkast.
4 Slik er det ikkje med dei lovlause.
Dei er lik agner som spreiest for vinden.
5 Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen,
ingen syndarar i flokken av rettferdige.
6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige går,
men vegen dei urettferdige går, fører vill.