1 Av David. Ein salme.
Eg vil syngja om miskunn og rett,
Herre, for deg vil eg syngja og spela.
2 Eg vil læra meg den fullkomne vegen.
Når vil du koma til meg?
Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.
3 Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg,
slikt held eg meg borte frå.
4 Svikefullt hjarte skal vika frå meg.
Eg vil ikkje vita av det vonde.
5 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på.
Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.
6 Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg.
Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.
7 Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus.
Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.
8 Kvar morgon gjer eg ende på dei urettferdige i landet.
Alle som gjer urett, ryddar eg ut av Herrens by.