Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

104 

1 Velsign Herren, mi sjel!

Stor er du, Herre, min Gud!

Du har kledd deg i høgd og herlegdom.

2 Du sveiper lyset om deg som ei kappe,

du spenner himmelen ut som ein teltduk.

3 Han tømrar sine høge salar i vatnet.

Han gjer skyer til si vogn

og fer fram på vindens venger.

4 Han gjer vindane til sine englar

og logande eld til sine tenarar.


5 Han grunnla jorda på hennar søyler,

aldri i æve skal ho rokkast.

6 Djupet dekte henne som ei kappe,

vatnet stod over fjella.

7 Då du truga, rømde det,

det flykta for lyden av di tore,

8 over fjell og ned i dalar,

til staden du hadde fastsett.

9 Du sette ei grense det ikkje går over,

det skal aldri meir dekkja jorda.


10 Du lèt kjelder strøyma fram i dalane

så bekker renn mellom fjella.

11 Dei gjev drikke til alle dyr på marka,

ville esel får sløkkja tørsten.

12 Der finn fuglane under himmelen bustad,

dei syng mellom greinene.


13 Han vatnar fjella frå sin høge sal.

Jorda blir metta med frukta av di gjerning.

14 Du lèt graset spira fram for feet

og vokstrar til nytte for mennesket.

Du lèt brødet koma frå jorda,

15 vinen gjev mennesket glede.

Du lèt andletet skina av olje,

brødet gjev mennesket styrke.


16  Herrens tre får sløkkja tørsten,

sedrane på Libanon, som han har planta.

17 Der byggjer fuglane reir,

i sypressen har storken sitt hus.

18 Dei høge fjella har steinbukken fått,

berga gjev grevlingen livd.


19 Han skapte månen til å syna tidene,

og sola, som veit når ho skal gå ned.

20 Du sender mørker, og det blir natt.

Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.

21 Unge løver brøler etter rov,

dei krev si føde frå Gud.

22 Sola står opp, dei vender attende

og legg seg i sine hòler.

23 Då går mennesket ut til si gjerning

og arbeider til kvelden kjem.


24  Herre, kor mange dine gjerningar er!

Og alle har du gjort med visdom,

jorda er full av det du ber fram.

25 Her er havet, stort og vidt,

med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.

26 Der stemner skipa fram,

der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.

27 Alle ventar på deg,

at du skal gje dei mat i rett tid.

28 Du gjev, og dei sankar,

du opnar handa, og dei blir metta med det gode.

29 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,

du tek livsanden frå dei, då døyr dei

og blir til støv att.

30 Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,

du gjer jorda ny.


31 Måtte Herrens ære vara evig

og Herren gleda seg over sine gjerningar!

32 Han ser på jorda, og ho skjelv,

han rører fjella, og dei står i røyk.

33 Eg vil syngja for Herren heile mitt liv,

spela for min Gud så lenge eg er til.

34 Måtte orda mine gjera han glad!

Eg vil gleda meg i Herren.

35 Lat syndarane kverva frå jorda

og ingen urettferdige finnast meir!

Velsign Herren, mi sjel!

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.