Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

111 

1 Halleluja!


Alef

א

Eg vil takka Herren av heile mitt hjarte

Bet

ב

i dei rettvises råd og forsamling.

Gimel

ג

2  Herrens gjerningar er store,

Dalet

ד

alle som elskar dei, grundar på dei.

He

ה

3 Høgt og herleg er hans verk,

Waw

ו

hans rettferd varer til evig tid.

Zajin

ז

4 Han har skapt seg eit namn ved sine under,

Het

ח

Herren er nådig og mild.

Tet

ט

5 Han gjev mat til dei som fryktar han,

Jod

י

han minnest si pakt til evig tid.

Kaf

כ

6 Han viste sitt folk kor mektig han var

Lamed

ל

då han gav dei det andre folk eigde.

Mem

מ

7 Sanning og rett er hans henders verk,

Nun

נ

pålitelege er alle hans bod,

Samek

ס

8 dei er grunnfeste for evige tider,

Ajin

ע

dei skal haldast i sanning og rettvise.

Pe

פ

9 Han gav folket fridom

Tsade

צ

og fastsette si pakt for evig.

Qof

ק

Namnet hans er heilagt, det vekkjer frykt.

Resj

ר

10 Å frykta Herren er opphav til visdom,

Sin

ש

alle som gjer det, har god forstand.

Taw

ת

Hans lovsong varer til evig tid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.