Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

115 

1 Ikkje oss, Herre, ikkje oss,

gjev heller ditt namn ære,

du som er kjærleg og trufast.

2 Kvifor skal folka seia:

«Kvar er deira Gud?»

3 Vår Gud er i himmelen,

alt han vil, det gjer han.


4 Gudebileta deira er av sølv og gull,

menneskehender har laga dei.


5 Dei har munn, men kan ikkje tala,

dei har auge, men kan ikkje sjå.

6 Dei har øyre, men kan ikkje høyra,

dei har nase, men kan ikkje lukta.


7 Dei har hender, men kan ikkje føla,

dei har føter, men kan ikkje gå,

dei har ikkje lyd i strupen.

8 Slik blir òg dei som lagar dei,

og alle som set si lit til dei.


9 Stol på Herren, Israel!

Han er deira hjelp og skjold.

10 Stol på Herren, Arons hus!

Han er deira hjelp og skjold.

11 Stol på Herren, de som fryktar han!

Han er deira hjelp og skjold.


12  Herren hugsar på oss, han velsignar.

Han velsignar Israels hus,

han velsignar Arons hus.

13 Han velsignar dei som fryktar Herren,

dei små og dei store.


14 Måtte Herren la dykk auka i tal,

både de og borna dykkar!

15 De er velsigna av Herren,

han som skapte himmel og jord.


16 Himmelen er Herrens himmel,

men jorda gav han til mennesket.

17 Dei døde prisar ikkje Herren,

alle dei som går ned til det stille landet.

18 Men vi velsignar Herren

frå no og til evig tid.

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.