Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

126 

1 Ein song til festreisene.


Herren vende Sions lagnad,

var det som ein draum for oss.

2 Då fyltest vår munn med lått,

vår tunge med jubel.

Då sa dei mellom folka:

«Stort er det som Herren har gjort mot dei.»

3 Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,

og vi vart glade.


4  Herre, vend vår lagnad

som bekkene i Negev!

5 Dei som sår med tårer,

skal hausta med jubel.

6 Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,

med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.