Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

29 

1 Ein salme av David.


Gudesøner, gjev Herren ære!

Gjev Herren ære og makt.

2 Gjev Herren den ære hans namn skal ha,

bøy dykk for Herren i heilag prakt!


3  Herrens røyst lyder over vatnet,

den herlege Gud lèt tora slå,

Herren, over veldige vatn.

4  Herrens røyst lyder med velde,

Herrens røyst lyder med herlegdom.

5  Herrens røyst knekkjer sedrar,

Herren splintrar sedrane på Libanon.

6 Han får Libanon-fjellet og Sirjon-fjellet til å hoppa

som kalvar og som ville oksar.


7  Herrens røyst spreier logande eld.

8  Herrens røyst får ørkenen til å skjelva,

Herren får Kadesj-ørkenen til å skjelva.

9  Herrens røyst får hindene til å kalva,

ho gjer skogane snaue.

Alt i hans tempel ropar: «Ære!»


10  Herren tronar over himmelhavet,

Herren skal trona som konge for alltid.

11  Herren gjev folket sitt kraft,

Herren velsignar folket sitt med fred.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.