1 Av David. Ein læresalme.
Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!
2 Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.
3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.
4 For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren. Sela
5 Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6 Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7 Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8 Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.
9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.
10 Den urettferdige har mange plager,
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!
Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!