Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

Andre boka

Sal Salme 42–7242

1 Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.


2 Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,

lengtar mi sjel etter deg, min Gud.


3 Mi sjel tørstar etter Gud,

etter den levande Gud.

Når skal eg få koma fram for Guds andlet?


4 Tårer er mitt brød dag og natt.

Dagen lang spør dei meg:

«Kvar er din Gud?»


5 Dette minnest eg,

min lengsel vell fram:

Til Guds hus vandra eg i festskaren

med jubelrop og lovsong

– ein pilegrimsskare i fest.


6 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,

kvifor er du uroleg?

Eg vil venta på Gud!

Endå ein gong skal eg prisa han,

min frelsar og min Gud.


7 Eg er sorgtyngd,

difor går min tanke til deg

frå Jordan- og Hermonlandet,

frå berget Misár.


8 Djup ropar til djup

når dine fossar durar.

Alle dine bølgjer og brot

slår over meg.


9  Herren sender si miskunn om dagen,

songen hans er hos meg om natta,

ei bøn til mitt livs Gud.


10 Eg seier til Gud, mitt berg:

«Kvifor har du gløymt meg,

kvifor må eg gå og sørgja

medan fienden plagar meg?»


11 Mine fiendars hån går gjennom merg og bein.

Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»


12 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,

kvifor er du uroleg?

Eg vil venta på Gud!

Endå ein gong skal eg prisa han,

min frelsar og min Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.