Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

46 

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.


2 Gud er vår tilflukt og styrke,

ei hjelp i naud og alltid nær.

3 Difor reddast vi ikkje når jorda skakar,

når fjella vaklar i havsens djup.

4 Vatnet buldrar og brusar,

fjella skjelv når havet reiser seg. Sela


5 Det finst ei elv

med bekker som gleder Guds by,

den mest heilage bustaden til Den høgste.

6 Gud er midt i han,

byen kan ikkje vakla.

Gud hjelper han når morgonen gryr.

7 Folkeslag buldra, rike vakla,

han lét røysta ljoma, jorda skalv.

8  Herren Sebaot er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg. Sela


9 Kom og sjå alt Herren har gjort,

han som gjer skremmande ting på jorda!

10 Han gjer slutt på krig over heile jorda,

han bryt bogar sund, høgg spyda av,

han set eld på vogner.

11 Hald opp! Kjenn at eg er Gud.

Eg er opphøgd over folkeslag,

opphøgd på jorda.

12  Herren Sebaot er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg. Sela

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.