1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David, 2 då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»
3 Gud, frels meg ved ditt namn,
skaff meg rett ved di kraft!
4 Gud, høyr mi bøn,
vend øyret til mine ord!
5 Framande har reist seg mot meg,
valdsmenn står meg etter livet.
Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6 Men Gud er den som hjelper meg,
Herren held meg i live.
7 Vend det vonde mot mine fiendar.
Gjer ende på dei i din truskap!
8 Villig skal eg ofra til deg
og prisa namnet ditt, Herre,
for det er godt.
9 Herren har fria meg ut av all naud,
så eg kan sjå ned på mine fiendar.