Gå til forsiden

Tobit

13

Tobits lovsong

1 Tobit sa:

Velsigna vere Gud, han som lever i all æve,

velsigna vere hans kongedøme!

2  For han slår og syner miskunn,

han fører ned til dødsriket

djupt under jorda,

og han fører opp frå den store øydelegginga.

Det finst ikkje noko som kan flykta frå handa hans.


3 Lovpris han, born av Israel,

framfor andletet på folkeslaga,

for han har spreidd dykk mellom dei.

4  Der synte han dykk stordomen sin.

Opphøg han framfor alt levande!

For han er vår Herre,

han er vår Gud

og han er vår far,

han er Gud til alle tider.

5  Han slår dykk for all dykkar urett,

men har miskunn med dykk alle,

mellom alle folkeslag

kvar enn de er spreidde mellom dei.


6 Når de vender dykk til han

av heile dykkar hjarte

og av heile dykkar sjel

for å gjera det som er sant og rett i hans auge,

då skal han venda seg til dykk

og aldri meir løyna sitt andlet for dykk.

Og legg no merke til

kva han har gjort med dykk,

lovpris han av full hals!

De skal velsigna den rettferdige Herren

og opphøgja den evige kongen!


*Eg lovprisar han i landet der eg lever som fange,

eg viser eit syndig folk at han er sterk og stor.

Syndarar, vend om!

Gjer det som er rett i hans auge.

Kven veit om han ikkje vil vera god mot dykk

og visa dykk miskunn?

7 Eg opphøgjer min Gud,

mi sjel opphøgjer himmelkongen

og jublar fordi han er stor.


8 De skal alle fortelja om han

og lovprisa han i Jerusalem!


9 Jerusalem, du heilage by!

Han vil slå deg for det borna dine har gjort,

men på ny ha miskunn med dei rettferdige.


10 Lovpris Herren på rett vis,

velsign den evige kongen!•

Teltet ditt skal igjen

bli bygd opp for deg med glede.


Måtte han la alle krigsfangar få gleda seg i deg

og måtte alle dei nedbrotne bli elska av deg,

i alle slekter til evig tid!

11  Eit skinande lys skal nå ut

til alle grenser av jorda.

Mange folk langt bortanfrå skal koma til deg,

og innbyggjarane frå alle endane av jorda

skal koma til ditt heilage namn,

med gåver i sine hender

til himmelens konge.


Frå slekt til slekt skal dei gleda seg for deg

og namnet til den utvalde byen skal bli ståande

for alle slekter til evig tid.


12  Forbanna er alle som talar harde ord.

Forbanna er alle som riv deg ned

og øydelegg murane dine,

alle som styrtar tårna dine

og set eld på bygningane dine.

Velsigna skal dei vera,

alle som i æva fryktar deg.


13  Då skal du koma og jubla mot dei rettferdige,

for dei skal alle bli samla,

dei skal velsigna den evige Herren.

14  Sæle dei som elskar deg,

sæle dei som gleder seg over din fred.


Sæle alle dei menneska som sørgjer over deg,

over alle plagene dine,

for i deg skal dei også gleda seg

og sjå all di glede til evig tid.

15  Mi sjel, velsign Herren, den store kongen!

16  For Jerusalem skal byggjast opp,

og i byen hans bustad, til evig tid.


Sæl skal eg vera

om resten av mine etterkomarar

får sjå din herlegdom,

og lovprisa himmelkongen.

Jerusalems portar skal bli bygde

av safir og smaragd,

alle murane dine av kosteleg stein.

Jerusalems tårn skal bli bygde av gull,

og utspringa deira av reinaste gull.

17  Jerusalems plassar skal dekkjast med fliser

av rubin og edelstein frå Ofir.


18 Jerusalems portar skal syngja jubelsongar,

og alle hennar hus skal seia:

«Halleluja! Velsigna vere Israels Gud!»

Og dei som har vorte velsigna,

skal velsigna det heilage namnet for evig og alltid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.