Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Dei rettane som apostlane har
9Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?  2 Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelkallet mitt i Herren.  3 Mitt forsvar mot dei som dømmer meg, er dette:  4 Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke?  5 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande syster som kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?  6 Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?  7 Kven er soldat og betaler løna sjølv? Kven plantar ei vinmark utan å få eta av frukta? Eller kven gjeter ein buskap utan å drikka av mjølka frå buskapen?  8 Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same?  9 For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for? 10 Er ikkje dette sagt fullt og heilt med tanke på oss? Jau, for vår skuld er det skrive. For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del. 11 Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle? 12 Om andre har rett til dette hos dykk, skulle ikkje vi ha det endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. 13 Veit de ikkje at dei som gjer teneste i tempelet, får eta av det som kjem inn til tempelet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som blir ofra på altaret? 14 På same måten har Herren gjeve påbod om at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.
   
15 Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg har heller ikkje skrive dette for å gjera krav på dei. For eg ville heller døy – ingen skal ta frå meg dette som eg er så stolt av. 16 For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å skryta av; det ligg på meg som ein tvang. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet! 17 Gjer eg det frivillig, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er tiltrudd meg. 18 Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet utan kostnad for nokon og ikkje nyttar den retten som evangeliet gjev meg.
   
19 Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd. 20 For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte lik ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. 21 For dei som er utan lov, har eg vorte som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov. 22 For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre. 23 Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg sjølv kan få del i det.
   
24 Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen! 25 Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg. 26 Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta. 27 Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.
1 Kor 9,5 viser til Matt 8,14, Matt 16,18+
Note: Kefas: >1,12.
1 Kor 9,9 viser til 5 Mos 25,4, 1 Tim 5,18
Note: ein okse som treskjer: Oksen som drog treskjesleden over aksa, fekk eta av kornet.
1 Kor 9,10 viser til 2 Tim 2,6
Note: den som pløyer … få sin del: Kjelda for dette skriftsitatet er ikkje kjend. Eit liknande motiv finst i Siraks bok, Sir 6,19. ▶kanon.
1 Kor 9,24 viser til Fil 3,14
Note: stadion: eit lengdemål på ca. 185 m som utgjorde ein løpsdistanse. Ordet vart òg brukt om heile idrettsarenaen. ▶mål og vekt.
1 Kor 9,25 viser til 2 Tim 2,5, 2 Tim 4,7f, Jak 1,12, 1 Pet 5,4, Op 2,10, Op 3,11
Note: krans: laga av olivengreiner eller laurbær. Dei som vann i idrettskonkurransar, fekk ein slik krans lagd på hovudet.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.