Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til tessalonikarane

1 2 3 4 5

Forrige kapittel
5Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken.  2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.  3 Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna.  4 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.  5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.  6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!  7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.  8 Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.  9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv. 11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
Livet i forsamlinga
12 Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk. 13 De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!
   
14 Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle! 15 Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!
          
   
16 Ver alltid glade!
          
   
17 Be uavlateleg!
          
   
18 Takk Gud, kva som enn møter dykk!
          For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.
          
   
19 Sløkk ikkje ut Anden!
          
   
20 Forakt ikkje profetord,
          
   
21 men prøv alt og hald fast på det gode!
          
   
22 Hald dykk ifrå vondskap av alle slag!
23 Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! 24 Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.
Sluttord
25 Be for oss, sysken! 26 Hels alle syskena våre i trua med eit heilagt kyss! 27 Eg byd dykk ved Herren at dette brevet skal lesast opp for dei alle.
   
28 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!
Forrige kapittel

29. januar 2022

Dagens bibelord

2. Korinter 1,8–11

Les i nettbibelen

8Vi vil at dere skal vite, søsken, om den nød vi led i Asia. Det var mye mer enn vi kunne bære. Vi så ingen utvei til å berge livet, 9men regnet oss alt som dødsdømte. For vi skulle ikke stole på oss selv, men på Gud, som oppreiser de døde. ... Vis hele teksten

8Vi vil at dere skal vite, søsken, om den nød vi led i Asia. Det var mye mer enn vi kunne bære. Vi så ingen utvei til å berge livet, 9men regnet oss alt som dødsdømte. For vi skulle ikke stole på oss selv, men på Gud, som oppreiser de døde. 10Han reddet oss fra den visse død, og han skal gjøre det igjen. Til ham har vi satt vårt håp, og han skal redde oss på ny. 11Også dere må hjelpe til ved å be for oss. Når mange ber, vil takken for den nådige hjelp vi får, stige opp fra manges munn.