Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

Neste kapittel >

Herren gjev Salomo makt og visdom
1Salomo, son til David, styrkte kongsmakta si. Herren hans Gud var med han og gjorde han stor og mektig.  2 Salomo tala til heile Israel – til førarane for tusen mann og hundre mann, til dommarane og til alle leiarane i Israel, leiarane for familiane.  3 Så drog Salomo og heile forsamlinga med han til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds teltheilagdom, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i ørkenen.  4 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til for henne. For David hadde reist eit telt for henne i Jerusalem.  5 Bronsealtaret som Besalel, son til Uri, son til Hur, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og forsamlinga.  6 Og der, på bronsealtaret som høyrde teltheilagdomen til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
   
 7 Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»  8 Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.  9 Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda. 10 Gjev meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»
   
11 Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære, ikkje om død over fiendane dine eller om eit langt liv, men bad om visdom og forstand så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over, 12 så skal du få visdom og vit. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, formue og ære som ingen av kongane før deg har hatt og ingen etter deg kjem til å få.» 13 Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå teltheilagdomen og heim til Jerusalem. Og han styrte som konge i Israel.
   
14 Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem. 15 Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet. 16 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling. 17 Kvar vogn som vart ført inn frå Egypt, kosta seks hundre sjekel sølv, og kvar hest eitt hundre og femti sjekel. Så selde dei hestar og vogner vidare til hetittkongane og aramearkongane.
Neste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.