Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Rehabeam styrkjer kongedømet sitt
11Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han Judas og Benjamins hus, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam.
   
 2 Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja:  3 «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:  4 Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og gjekk ikkje mot Jeroboam.
   
 5 Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde ut nokre byar i Juda til festningsbyar.  6 Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,  7 Bet-Sur, Soko og Adullam,  8 Gat, Maresja og Sif,  9 Adorajim, Lakisj og Aseka, 10 Sora, Ajjalon og Hebron. Desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin. 11 Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar og gav dei lager med mat, olje og vin. 12 Kvar einskild by utstyrte han med skjold og spyd. Slik gjorde han dei svært sterke. Juda og Benjamin høyrde han til.
   
13 Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle kantar av landet og steig fram for Rehabeam. 14 Levittane forlét beitemark og eigedom og drog til Juda og Jerusalem fordi Jeroboam og sønene hans hindra dei i å gjera presteteneste for Herren. 15 Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga. 16 Med prestane og levittane følgde alle dei som hadde lagt seg på hjartet å søkja Israels Gud. Frå alle Israel-stammane kom dei til Jerusalem for å ofra til Herren, sine fedrars Gud. 17 Dei styrkte kongedømet i Juda og sikra makta for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For i tre år følgde dei vegane til David og Salomo.
   
18 Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot, son til David, og Abihajil, dotter til Eliab, son til Isai. 19 Ho fødde han sønene Je'usj, Sjemarja og Saham. 20 Sidan tok han Maaka, dotter til Absalom, til kone. Ho fødde han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit. 21 Rehabeam heldt meir av Maaka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og følgjekonene sine. I alt hadde han atten koner og seksti følgjekoner. Og han fekk tjueåtte søner og seksti døtrer. 22 Rehabeam sette Abia, son til Maaka, til overhovud og leiar mellom brørne, for han tenkte å gjera han til konge. 23 Men han var klok nok til å spreia sønene sine over heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han gav dei rikeleg med mat og skaffa dei mange koner.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.