Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Asa i Juda
14Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år.  2 Asa gjorde det som godt og rett var i auga til Herren hans Gud.  3 Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.  4 Han sa til judearane at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.  5 Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han.  6 Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for Herren gav han fred.
   
 7 Asa sa til judearane: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar rundt dei, med tårn og portar og bommar, medan landet enno ligg fritt framfor oss. For vi har søkt Herren vår Gud. Vi søkte han, og han gav oss fred på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt.  8 Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Alle var dei djerve krigarar.
   
 9 Ein gong drog kusjitten Serah ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja, 10 drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja. 11 Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: « Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»
   
12 Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde. 13 Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte. 14 Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra. 15 Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.