Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Asa reinsar gudsdyrkinga
15Guds ande kom over Asarja, son til Oded.  2 Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk om de er med han. Søkjer de han, lèt han seg finna; men forlèt de han, forlèt han dykk.  3 I lang tid var Israel utan den sanne Gud, utan prestar til å undervisa dei og utan lov.  4 Men i si trengsle vende dei om til Herren, Israels Gud. Dei søkte han, og han lét seg finna.  5 På den tida var det ikkje trygt, korkje for den som drog ut eller for den som kom heim. For det var stor uro mellom folk i alle land.  6 Folkeslag vart knust mot folkeslag og by mot by; for Gud uroa dei med allslags trengsler.  7 Men ver sterke og lat ikkje hendene siga! De skal få løn for det de gjer.»
   
 8 Då Asa høyrde desse orda, den profetien som Oded-profeten hadde bore fram, gjorde han seg sterk og fekk fjerna alle dei motbydelege gudane frå heile Juda og Benjamin og frå dei byane han hadde teke i Efraims fjelland. Og han vigsla på nytt Herrens altar, det som stod framfor forhallen i Herrens hus.  9 Så samla han heile Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simon som budde mellom dei. For det var mange frå Israel som hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.
   
10 I det femtande styringsåret til Asa, i den tredje månaden, samla dei seg i Jerusalem. 11 Den dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det byttet dei hadde teke med seg. 12 Og dei gjorde ei pakt om at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarte og av heile si sjel. 13 Og alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, gammal som ung, mann som kvinne. 14 Med høg røyst svor dei til Herren under jubelrop, til lyden av trompetar og bukkehorn. 15 Heile Juda gledde seg over eiden, for dei hadde svore han av heile sitt hjarte. Dei hadde søkt Herren av all god vilje, og han lét seg finna. Herren gav dei fred på alle kantar.
   
16 Kong Asa tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Han hogg biletet sund, knuste det og brende det i Kedron-dalen. 17 Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel var Asa heilhjarta så lenge han levde. 18 Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde gjeve, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr. 19 Det var ikkje krig før i det trettifemte styringsåret til Asa.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.