Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Ahasja og mor hans
22Dei som budde i Jerusalem, gjorde Ahasja, yngste son til Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein røvarflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda.  2 Ahasja var førtito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri.  3 I si ferd var Ahasja òg som kongane av Ahabs hus, for mor hans rådde han til å gjera urett.  4 Han gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik som Ahabs hus. For dei var rådgjevarane hans etter at far hans var død, og det øydela han.
   
 5 Det var etter deira råd at han saman med Israels-kongen Joram, son til Ahab, gjekk til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.  6 Då vende han attende til Jisreel for å få lækt dei såra som han hadde fått ved Ramot i kampen med aramearkongen Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, son til Ahab, medan han låg sjuk.
   
 7 Men Gud ville at Ahasja skulle gå til grunne når han kom til Joram. Då han kom dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å utrydda Ahabs hus.  8 Og medan Jehu heldt på å setja i verk dommen over Ahabs hus, møtte han leiarane frå Juda og brorsønene til Ahasja, som var i teneste hos kongen, og han drap dei.  9 Så leita han etter Ahasja. Dei tok han medan han heldt seg løynd i Samaria. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er ein etterkomar av Josjafat, han som søkte Herren av heile sitt hjarte.» No var det ingen att av Ahasjas hus som var i stand til å ta over kongsmakta.
   
10 Då Atalja, mor til Ahasja, fekk vita at son hennar var død, byrja ho med ein gong å rydda ut heile kongsætta i Juda. 11 Men kongsdottera Josjabat tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde Josjabat guten for Atalja, så ho ikkje kunne drepa han. Josjabat var dotter til Joram og gift med presten Jojada. Ho var altså syster til Ahasja. 12 I seks år heldt han seg løynd hos dei i Guds hus medan Atalja styrte i landet.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.