Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Joasj set tempelet i stand
24Joasj var sju år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.  2 Joasj gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde.  3 Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
   
 4 Etter ei tid sette Joasj seg føre å utbetra Herrens hus.  5 Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå alle israelittane til år for år å setja i stand huset til dykkar Gud etter som det trengst. De må skunda dykk å gjera dette!» Men levittane skunda seg ikkje.  6 Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til teltet med vitnemålet som Moses, Herrens tenar, og Israels forsamling har fastsett?  7 For den gudlause Atalja og sønene hennar har trengt seg inn i Guds hus og jamvel nytta alt det heilage frå Herrens hus for Baal-gudane.»
   
 8 Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.  9 Det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at alle skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i ørkenen. 10 Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket. Dei kom og kasta pengar i kista til ho var full. 11 Når levittane kom med kista til kongeleg kontroll og dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og tilsynsmannen til øvstepresten og tømde henne. Så sette dei henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.
   
12 Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å utbetra Herrens hus og jernsmedar og koparsmedar til å setja det i stand. 13 Arbeidsleiarane sette arbeidet i gang, og under deira leiing gjekk utbetringane framover. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før. 14 Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga utstyr til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, skåler og anna utstyr av gull og sølv. Så lenge Jojada levde, bar dei dagleg fram brennoffer i Herrens hus.
   
15 Jojada vart gammal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år gammal då han døydde. 16 Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.
Kongens fråfall og straff
17 Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei. 18 Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette. 19 Herren sende dei profetar for å føra dei tilbake til seg. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.
   
20 Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.» 21 Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen. 22 Kong Joasj hugsa ikkje den kjærleiken som Jojada, far til Sakarja, hadde vist han, og han drap sonen. Rett før han døydde, ropa han: «Må Herren sjå og gjengjelda dette!»
   
23 Før året var ute, drog ein hær av aramearar opp mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og utrydda alle stormennene i folket. Alt byttet dei tok, sende dei til kongen i Damaskus. 24 Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær fordi judearane hadde forlate Herren, sine fedrars Gud. Såleis sette dei dommen over Joasj i verk. 25 Då aramearane drog bort, lét dei han liggja att alvorleg såra. Tenarane hans svor seg saman mot han fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Dei drap han i senga hans. Slik døydde Joasj. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.
   
26 Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit, ei kvinne frå Moab. 27 Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda mot han og om Guds hus som vart gjenreist, er det skrive i kommentarane til kongebøkene. Amasja, son hans, vart konge etter han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.