Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Ussia i Juda
26Heile folket i Juda tok Ussia, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans.  2 Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.  3 Ussia var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.  4 Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort.  5 Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.
   
 6 Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane.  7 Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane.  8 Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig.  9 Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke. 10 I ørkenen bygde han òg tårn og hogg ut mange brønnar, for han hadde stor buskap både i låglandet og på høgsletta. Dessutan hadde han bønder og vindyrkarar i fjella og i hagane; for han hadde hjarte for jorda.
   
11 Ussia hadde ein stridsfør hær, som drog ut i krig i avdelingar som var mønstra og talde av skrivaren Je'uel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen. 12 Dei djerve krigarane som var leiarar for familiar, var 2600 i talet. 13 Under dei stod det ein hær på 307 500 mann. Med kraft og styrke hjelpte dei kongen i krig mot fienden. 14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar. 15 I Jerusalem fekk han utvikla nye og sinnrike krigsmaskinar. Dei skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Slik vart namnet til kongen kjent vide ikring, for han fekk hjelp på underfullt vis så han fekk stor makt.
   
16 Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret. 17 Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn. 18 Dei stilte seg i vegen for kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Aron-sønene som er helga til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hos Herren din Gud.»
   
19 Då vart Ussia sint der han stod med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men då han vart sint på prestane, braut det ut hudsjukdom på panna hans. Dette hende framfor prestane attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus. 20 Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde ein hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort derifrå med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, for Herren hadde rørt ved han. 21 Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Han måtte bu i eit hus for seg sjølv fordi han var ramma av hudsjukdom, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, styrte kongeborga og folket i landet.
   
22 Det som elles er å seia om Ussia, frå først til sist, har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp. 23 Ussia gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd ute på gravstaden til kongane. For dei sa: «Han var ramma av hudsjukdom.» Jotam, son hans, vart konge etter han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

03. juni 2023

Dagens bibelord

5. Mosebok 6,4–9

Les i nettbibelen

4Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er én. 5Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din makt. 6Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. ... Vis hele teksten

4Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er én. 5Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din makt. 6Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. 7Du skal gjenta dem for dine barn og snakke om dem når du sitter i ditt hus og når du går på veien, når du legger deg og når du står opp. 8Du skal binde dem om hånden som et tegn og ha dem på pannen som et merke. 9Du skal skrive dem på dørstolpene i huset ditt og på portene dine.

Dagens bibelord

5. Mosebok 6,4–9

Les i nettbibelen

4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. ... Vis hele teksten

4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. 9Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Dagens bibelord

5. Mosebok 6,4–9

Les i nettbibelen

4Gula, Israel! Hearrá lea min Ipmil, Hearrá lea okta. 5Ráhkis Hearrá, Ipmilat, oppa váimmus ja oppa sielus ja oppa fámus. 6Vurke váibmosat dáid gohččumiid maid mun odne attán dutnje. ... Vis hele teksten

4Gula, Israel! Hearrá lea min Ipmil, Hearrá lea okta. 5Ráhkis Hearrá, Ipmilat, oppa váimmus ja oppa sielus ja oppa fámus. 6Vurke váibmosat dáid gohččumiid maid mun odne attán dutnje. 7Don galggat cieggadit daid mánáidasat ja sárdnut daid go čohkkát viesustat ja go váccát olgun, go velledat ja go lihkat. 8Čana daid mearkan giehtasat ja ane daid dovdomearkan gállustat. 9Čále daid iežat viesu uksastoalppuide ja iežat gávpotpoarttaide.