Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Ahas i krig med Aram og Israel
28Ahas var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens auge, så som David, stamfar hans, hadde gjort.  2 Han følgde vegane til Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Baal-gudane.  3 Han tende offereld i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein avskyeleg skikk hos dei folkeslaga som Herren hadde drive bort for israelittane.  4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
   
 5 Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han og tok ei mengd fangar, som dei førte til Damaskus. Ahas vart òg gjeven i hendene på Israels-kongen, som gav han eit stort nederlag.  6 Pekah, son til Remalja, drap på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve krigarar. Det hende fordi dei hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.  7 Sikri, ein krigar frå Efraim, drap Maaseja, kongssonen, og Asrikam, borgherren, og Elkana, som var nest etter kongen.  8 Israelittane tok to hundre tusen av brørne sine som fangar, med koner, søner og døtrer. Dei tok òg eit stort bytte frå dei og førte det til Samaria.
   
 9 Der var det ein av Herrens profetar som heitte Oded. Han gjekk ut mot hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr, Herren, dykkar fedrars Gud, var harm på judearane og gav dei over i hendene dykkar. Men de har drepe dei med slikt raseri at det har nådd heilt til himmelen. 10 Og no tenkjer de på å gjera menn og kvinner frå Juda og Jerusalem til slavane dykkar. Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud? 11 Høyr no på meg! Send tilbake dei fangane som de har teke mellom brørne dykkar! For Herrens brennande vreide er over dykk.»
   
12 Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram mot dei som var komne att frå krigen. Det var Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai. 13 Dei sa: «Før ikkje fangane hit! Har de tenkt å la endå større synd og skuld koma over oss, vi som alt er skuldige for Herren? Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»
   
14 Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga. 15 Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Så fór dei heim att til Samaria.
Ahas er trulaus mot Herren
16 På same tid sende kong Ahas bod til kongen av Assur og bad om hjelp. 17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar. 18 Og filistrane plyndra Juda-byane, både i låglandet og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, Soko med landsbyane som høyrde til, Timna med landsbyar og Gimso med landsbyar. Og dei busette seg der. 19 For Herren ville audmjuka Juda på grunn av Ahas, kongen over Israel. Han hadde ikkje halde Juda i taumar, han hadde vore trulaus mot Herren. 20 Men Tiglat-Pileser, kongen av Assur, drog ut mot han og kringsette han i staden for å hjelpa. 21 Ahas plyndra både Herrens hus og kongeborga, han tok frå stormennene og gav til kongen av Assur, men det hjelpte han ikkje.
   
22 Jamvel under kringsetjinga heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Ahas. 23 Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Sidan gudane til aramearkongane har hjelpt dei, vil eg ofra til dei så dei kan hjelpa meg.» Men dei vart til fall for han og for heile Israel. 24 Ahas samla òg alt utstyret som var i Guds hus, og slo det sund. Så stengde han dørene til Herrens hus og laga seg altar i kvart hjørne av Jerusalem. 25 I kvar einaste by i Juda laga han offerhaugar og tende offereld for andre gudar. Slik gjorde han Herren, sine fedrars Gud, rasande.
   
26 Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. 27 Ahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; men dei la han ikkje i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.