Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Juda-kongane Manasse og Amon
33Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.  2 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.  3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.  4 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera til evig tid.»  5 I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren.  6 Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom, og han søkte råd hos åndemanarar og spåmenn. Manasse gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.
   
 7 Gudebiletet som Manasse fekk laga, sette han opp i Guds hus, sjølv om Gud hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.  8 Og eg vil aldri meir la Israel vandra langt bort frå det landet som eg ville at fedrane deira skulle ha, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter heile den lova og alle dei forskrifter og bod som dei har fått gjennom Moses.»  9 Men Manasse førte dei vill, dei som budde i Juda og Jerusalem, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.
   
10 Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei ville ikkje lyda etter. 11 Difor lét Herren hærførarane til assyrarkongen koma mot dei. Dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. 12 Men då han var i naud, bad han om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han audmjuka seg djupt for sine fedrars Gud. 13 Han bad til han og vart bønhøyrd. Gud høyrde ropet hans om nåde og førte han tilbake til Jerusalem og kongeriket hans. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
   
14 Etter dette bygde han ein ytre mur om Davidsbyen, vestafor Gihon, i dalen, fram til Fiskeporten og rundt Ofel, og han gjorde muren svært høg. Så sette han befalingsmenn i alle festningsbyane i Juda. 15 Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen. 16 Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud. 17 Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
   
18 Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane. 19 Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans. 20 Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd på slottsområdet, og Amon, son hans, vart konge etter han.
   
21 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. 22 Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebileta som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei. 23 Men han audmjuka seg ikkje for Herren slik Manasse, far hans, hadde gjort. Denne Amon drog på seg endå meir skuld. 24 Mennene hans svor seg saman mot han, og dei drap han i hans eige hus. 25 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.