Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittel

Kongane Joahas og Jojakim
36Folket i landet tok Joahas, son til Josjia, og gjorde han til konge i Jerusalem etter faren.  2 Joahas var tjuetre år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader.  3 Men kongen i Egypt avsette han i Jerusalem, og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.  4 Så sette Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joahas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.
   
 5 Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge.  6 Kong Nebukadnesar av Babel drog opp mot han. Han batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.  7 Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der.  8 Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.
Juda-riket går under
 9 Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge. 10 Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.
   
11 Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. 12 Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn.
   
13 Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. 14 Leiarane for prestane og folket vart òg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. 15 Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin. 16 Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd.
   
17 Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender. 18 Alt utstyret i Guds hus, både stort og smått, og skattane i Herrens hus og skattane til kongen og stormennene hans – alt tok han med seg til Babel. 19 Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei i brann, og dei øydela alle kostesame ting. 20 Dei som slapp unna sverdet, førte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta. 21 Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått.
   
22 I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg: 23 «Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Må Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»
< Forrige kapittel

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.