Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Paktkista blir sett på plass
5No var det fullført, alt arbeidet som Salomo hadde gjort på Herrens hus. Og Salomo flytte dit alt det som David, far hans, hadde helga. Sølvet og gullet og alt utstyret la han inn i skattkammera i Guds hus.  2 Så samla Salomo dei eldste i Israel og alle stammehovdingane, leiarane for familiane, i Jerusalem. Dei skulle føra Herrens paktkiste opp frå Davidsbyen, det er Sion.  3 Og alle menn i Israel samla seg hos kongen på festen, som var i den sjuande månaden.
   
 4 Då alle dei eldste i Israel var komne, lyfte levittane kista,  5 og dei førte paktkista opp saman med teltheilagdomen og alt det heilage utstyret som var i teltet. Det var levittprestane som bar dei.  6 Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.  7 Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.  8 Kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå.  9 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag. 10 I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.
   
11 Så gjekk prestane ut av heilagdomen. For alle prestane som fanst der, hadde helga seg, same kva avdeling dei høyrde til, 12 og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med symbalar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar. 13 På éin gong sette trompetblåsarane og songarane i med éi røyst for å takka og lova Herren til lyden av trompetar, symbalar og andre musikkinstrument. Dei lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.» Då vart tempelet, Herrens hus, fylt av ei sky. 14 Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for Herrens herlegdom fylte Guds hus.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.