Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Moses blir fødd
2Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter.  2 Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader.  3 Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen.  4 Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han.
   
 5 Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne.  6 Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»
   
 7 Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?»  8 «Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten.  9 Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han. 10 Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.
Moses rømmer til Midjan
11 Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans. 12 Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.
   
13 Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?» 14 Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»
   
15 Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.
   
16 Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka. 17 Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.
   
18 Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg i dag?» 19 Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han drog òg opp vatn for oss og gav småfeet å drikka.» 20 «Kvar er han?» spurde faren døtrene. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Hent han, så han kan få seg mat.»
   
21 Moses gjekk med på å bu hos mannen, og han gav Moses dottera Sippora til kone. 22 Ho fødde ein son, og Moses gav han namnet Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land», sa han.
Guds kall og Guds namn
23 Lenge etter dette døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka og klaga over slavearbeidet, og skriket deira steig opp til Gud. 24 Gud høyrde korleis dei stønna, og Gud kom i hug si pakt med Abraham, Isak og Jakob. 25 Gud såg til israelittane; Gud kjende dei.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. september 2022

Dagens bibelord

Hebrearane 1,10–14

Les i nettbibelen

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. ... Vis hele teksten

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. 12Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt. 13Men har han nokon gong sagt til ein av englane: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter? 14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?