Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Lov eller tru – forbanning eller velsigning
3Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste?  2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?  3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?  4 Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?  5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?  6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.  7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.  8 Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.  9 Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 12 Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.
Lovnaden står over lova
15 Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske. 16 Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, « til di ætt», og det er Kristus. 17 Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig. 18 Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.
   
19 Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. 20 Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. 21 Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova. 22 Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.
   
23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26 De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29 Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

30. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,17–27

Les i nettbibelen

17Da Jesus skulle dra videre, kom en mann løpende, falt på kne for ham og spurte: «Gode mester, hva skal jeg gjøre for å arve evig liv?» 18Men Jesus sa til ham: «Hvorfor kaller du meg god? Ingen er god uten én – det er Gud! ... Vis hele teksten

17Da Jesus skulle dra videre, kom en mann løpende, falt på kne for ham og spurte: «Gode mester, hva skal jeg gjøre for å arve evig liv?» 18Men Jesus sa til ham: «Hvorfor kaller du meg god? Ingen er god uten én – det er Gud! 19Du kjenner budene: Du skal ikke slå i hjel, du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke stjele, du skal ikke vitne falskt, du skal ikke bedra noen, hedre din far og din mor.» 20Han svarte: «Mester, alt dette har jeg holdt fra jeg var ung.» 21Jesus så på ham og fikk ham kjær og sa: «Én ting mangler du: Gå bort og selg alt du eier, og gi det til de fattige. Da skal du få en skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22Men han ble nedslått over dette svaret og gikk bedrøvet bort, for han eide mye. 23Og Jesus så seg omkring og sa til disiplene: «Hvor vanskelig det blir for dem som eier mye, å komme inn i Guds rike!» 24Disiplene ble forferdet over ordene hans. Men Jesus tok igjen til orde og sa: «Barn, hvor vanskelig det er *for dem som stoler på rikdom,• å komme inn i Guds rike. 25Det er lettere for en kamel å gå gjennom et nåløye enn for en rik å komme inn i Guds rike.» 26Da ble de enda mer forskrekket og sa til hverandre: «Hvem kan da bli frelst?» 27Jesus så på dem og sa: «For mennesker er det umulig, men ikke for Gud. Alt er mulig for Gud.»