Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittel

Ansvar for andre og for seg sjølv
6Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista.  2 Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.  3 Dei som trur dei er noko, sjølv om dei ingenting er, lurer seg sjølve.  4 Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort.  5 For kvar skal bera si eiga bør.  6 Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin.  7 Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.  8 Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.  9 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.
Sluttord
11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk: 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar. 14 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel! 17 Heretter må ingen plaga meg meir, for eg ber Jesu merke på kroppen min. 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, mine sysken! Amen.
< Forrige kapittel

01. juli 2022

Dagens bibelord

Josva 24,19–28

Les i nettbibelen

19Josva sa til folket: «Dere makter ikke å tjene Herren, for han er en hellig Gud. Han er en nidkjær Gud, som ikke bærer over med deres lovbrudd og synder. ... Vis hele teksten

19Josva sa til folket: «Dere makter ikke å tjene Herren, for han er en hellig Gud. Han er en nidkjær Gud, som ikke bærer over med deres lovbrudd og synder. 20Hvis dere forlater Herren og dyrker fremmede guder, vil han igjen føre ulykke over dere og gjøre ende på dere, hvor mye godt han enn har gjort mot dere før.» 21Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tjene.» 22Da sa Josva til dem: «Så er dere vitner mot dere selv at dere har valgt Herren og vil tjene ham.» De svarte: «Vi er vitner!» 23Da sa Josva: «Skill dere av med de fremmede gudene som finnes hos dere, og vend deres hjerte mot Herren, Israels Gud!» 24Folket sa til Josva: « Herren vår Gud vil vi tjene, hans stemme vil vi lyde.» 25Den dagen sluttet Josva en pakt for folket og fastsatte lov og rett for dem i Sikem. 26Han skrev disse ordene opp i Guds lovbok. Så tok han en stor stein og reiste den der, under eika som står ved Herrens helligdom. 27Og Josva sa til hele folket: «Se, denne steinen skal være et vitne mot oss, for den har hørt hvert ord som Herren har sagt til oss. Den skal vitne mot dere, så dere ikke fornekter deres Gud.» 28Så lot Josva folket gå, hver til sin eiendom.