Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Sodoma og Gomorra blir øydelagde
19Dei to englane kom til Sodoma om kvelden medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk til møtes med dei, bøygde andletet mot jorda  2 og sa: «Høyr, mine herrar! Ta inn i huset til tenaren dykkar for natta. Der kan de vaska føtene, og i morgon kan de stå tidleg opp og dra vidare.» Dei svara: «Nei, vi overnattar ute på torget.»  3 Men han bad dei så inntrengjande at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit festmåltid for dei. Han baka usyra brød, og dei åt.
   
 4 Men før dei hadde lagt seg, kom alle mennene i Sodoma, både unge og gamle, frå alle kantar av byen og omringa huset.  5 Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Før dei ut til oss! Vi vil ha viljen vår med dei!»
   
 6 Då gjekk Lot ut til dei i døropninga, stengde døra etter seg  7 og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!  8 Høyr no! Eg har to døtrer som ikkje har vore saman med nokon mann. Lat meg føra dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de vil. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, for dei har funne ly under mitt tak.»  9 Men dei ropa: «Flytt deg!» Og dei heldt fram: «Her kjem ein innflyttar for å bu hos oss, og så vil han gjera seg til dommar! No skal vi gjera verre ugjerningar mot deg enn mot dei.» Dei trengde seg hardt inn på mannen Lot og heldt på å slå inn døra. 10 Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra. 11 Med eit slag blinda dei mennene utanfor huset, både små og store. Dei streva til inga nytte med å finna døra.
   
12 Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, ein svigerson, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så ta dei bort herifrå. 13 For no skal vi øydeleggja denne staden. Klageropet for Herrens andlet har vorte så stort at han har sendt oss for å øydeleggja byen.» 14 Då gjekk Lot ut og tala med svigersønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Skund dykk bort frå denne staden», sa han, «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men svigersønene trudde at han heldt dei for narr.
   
15 Då det grydde av dag, skunda englane på Lot og sa: «Dra av stad! Ta med deg kona di og dei to døtrene dine som er her, så du ikkje blir riven bort når byen blir straffa!» 16 Men då han nølte, tok mennene han og kona hans og dei to døtrene i handa, for Herren hadde omsorg for han. Dei førte han bort og sette han trygt utanfor byen.
   
17 Då dei hadde ført dei ut, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stans ikkje nokon stad på sletta. Røm til fjells, elles blir du riven bort.» 18 Men Lot svara dei: «Å nei, herre! 19 Sjå, tenaren din har funne nåde for dine auge. Du har vore svært god og berga livet mitt. Men eg kan ikkje rømma til fjells. For då kunne ulukka ramma meg så eg måtte døy. 20 Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan rømma dit, og han er så liten. Lat meg få rømma dit så eg kan berga livet! Byen er då så liten.» 21 Då sa han: «Ja, eg gjer som du vil i dette òg. Den byen du nemner, skal eg ikkje øydeleggja. 22 Skund deg, røm dit! For eg kan ikkje gjera noko før du er komen dit.» – Difor heiter byen Soar.
   
23 Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar. 24 Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen. 25 Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka. 26 Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.
   
27 Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet. 28 Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn. 29 Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.
Døtrene til Lot
30 Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene. 31 Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte. 32 Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!» 33 Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp. 34 Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr no, i natt låg eg med far. Lat oss skjenkja han vin i natt òg. Så går du inn og ligg med han, så vi kan halda liv i ætta etter far vår.» 35 Også den natta skjenkte dei far sin vin, og den yngste gjekk inn og låg med han. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp. 36 No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin. 37 Den eldste fødde ein son og kalla han Moab. Han er stamfar til moabittane, som finst den dag i dag. 38 Også den yngste fødde ein son og gav han namnet Ben-Ammi. Han er stamfar til ammonittane, som finst den dag i dag.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

09. juni 2023

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”