Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Slekta til Esau 36Dette er slektshistoria til Esau, det vil seia Edom. 2 Esau tok seg koner mellom Kanaans døtrer: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon, 3 og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot. 4 Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel; 5 Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan. 6 Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin. 7 For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira. 8 Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom. 9 Dette er slektshistoria til Esau, stamfar til edomittane i fjellandet Se'ir. 10 Dette er namna på sønene til Esau: Elifas, son til Ada, kona åt Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona åt Esau. 11 Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas. 12 Elifas, son til Esau, hadde ei følgjekone som heitte Timna, og ho fødde han Amalek. Dette var etterkomarane av Ada, kona til Esau. 13 Og dette er sønene til Re'uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Dette var etterkomarane av Basmat, kona til Esau. 14 Og dette er sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter til Ana, son åt Sibon: Je'usj, Jalam og Korah. 15 Dette er stammehovdingane i ætta til Esau: Sønene til Elifas, den førstefødde sonen til Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas, 16 Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som stammar frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar av Ada. 17 Og dette er sønene til Re'uel, son åt Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som stammar frå Re'uel i Edom. Dei er etterkomarar av Basmat, kona til Esau. 18 Og dette er sønene til Oholibama, kona åt Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som stammar frå Oholibama, dotter til Ana, kona åt Esau. 19 Dette var sønene til Esau, det er Edom, og dei hovdingane som stammar frå dei. 20 Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 21 Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane til horittane, sønene åt Se'ir i Edom. 22 Sønene til Lotan var Hori og Hemam, og syster hans var Timna. 23 Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam. 24 Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i ørkenen då han gjette esla til Sibon, far sin. 25 Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama. 26 Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran. 27 Dette er sønene til Eser: Bilhan, Saavan og Akan. 28 Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran. 29 Dette er stammehovdingane til horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 30 Disjon, Eser og Disjan. Dette var hovdingane til horittane i Se'ir, hovding for hovding. 31 Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge over Israel: 32 Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba. 33 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. 34 Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. 35 Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit. 36 Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 37 Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved elva konge etter han. 38 Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 39 Då Baal-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab. 40 Dette er namna på stammehovdingane til Esau, nemnde etter slekt, bustad og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet, 41 Oholibama, Ela, Pinon, 42 Kenas, Teman, Mibsar, 43 Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustad i det landet dei eigde. Edom er Esau, stamfar til edomittane. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”