Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Vondskapen aukar på jorda
6No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer.  2 Då såg gudesønene at menneskedøtrene var vakre, og dei tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.  3 Herren sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»
   
 4 Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.
   
 5 Herren såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang.  6 Då angra Herren at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet.  7 Og Herren sa: «Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.»  8 Men Noah fann nåde for Herrens auge.
Noahs ark
 9 Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud. 10 Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet. 11 Men jorda vart forderva for Guds andlet. Ho vart full av vald. 12 Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging.
   
13 Då sa Gud til Noah: «Eg vil gjera ende på alt kjøt og blod. For jorda har vorte full av vald på grunn av dei, og sjå, eg vil øydeleggja dei saman med jorda. 14 Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig. 15 Slik skal du byggja arka: Ho skal vera 300 alner lang, 50 alner brei og 30 alner høg. 16 Du skal laga ei opning for dagslyset og avslutta opninga ei alen frå toppen av arka. Du skal setja døra til arka på den eine sida og så laga eit nedre, eit andre og eit tredje dekk. 17 No vil eg la storflaumen koma over jorda og utrydda alt kjøt og blod, alt som det er livsande i under himmelen. Alt som er på jorda, skal omkoma. 18 Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg. 19 Av alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera. 20 Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet. 21 Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.» 22 Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han.
Storflaumen
7Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg.  2 Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman,  3 og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live.  4 For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.»  5 Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han.  6 Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
   
 7 Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen.  8 Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka,  9 kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.
   
10 Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda. 11 I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg. 12 Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter. 13 Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans, 14 både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med. 15 Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg. 16 Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han.
   
17 Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18 Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet. 19 Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen. 20 Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.
   
21 Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska. 22 Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23 Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24 Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar.8Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alt feet som var med han i arka. Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga.  2 Kjeldene i djupet og slusene i himmelen vart stengde, regnet frå himmelen stansa,  3 og vatnet drog seg bort frå jorda litt etter litt. Då 150 dagar var lidne, byrja vatnet å minka.
   
 4 Den syttande dagen i den sjuande månaden vart arka ståande på Ararat-fjella.  5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne.
   
 6 Då førti dagar var lidne, opna Noah luka han hadde laga på arka,  7 og sleppte ut ramnen. Han flaug att og fram til vatnet hadde tørka bort frå jorda.  8 Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata.  9 Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10 Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. 11 Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda. 12 Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir.
   
13 I det året Noah fylte 601 år, den første dagen i den første månaden, hadde vatnet tørka bort frå jorda. Då tok Noah taket av arka og såg ut. Og sjå, jordoverflata hadde tørka opp. 14 Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var jorda tørr.
   
15 Og Gud tala til Noah: 16 «Gå ut av arka, du og kona di og sønene dine og svigerdøtrene dine med deg! 17 Alle dyra som er hos deg, alt som lever, både fugl og fe og alt kryp som det kryr av på jorda, skal du ta med deg. Det skal myldra av dei på jorda, og dei skal vera fruktbare og bli mange.» 18 Så gjekk Noah ut saman med sønene sine og kona si og svigerdøtrene sine. 19 Og alle ville dyr og alt fe og alle fuglar og alt kryp som det kryr av på jorda, art etter art, gjekk ut av arka.
   
20 Noah bygde eit altar for Herren, og han tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. 21 Og Herren kjende den gode angen. Då sa Herren i sitt hjarte: «Eg vil aldri meir forbanna jorda for mennesket skuld, sjølv om menneskehjartet vil det vonde frå ungdomen av. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, slik eg no har gjort.
          
   
22 Så lenge jorda står,
          skal såtid og innhausting, kulde og hete,
          sommar og vinter, dag og natt
          aldri ta slutt.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >