Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Utruskap og fråfall 3Og Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elsk ei kvinne som er elskarinna til ein annan og bryt ekteskapet, slik Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!» 2 Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg. 3 Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.» 4 For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar. 5 Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dagar som kjem. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
1Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått: 2mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik. ... Vis hele teksten
1Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått: 2mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman: 4éin kropp og éin Ande, liksom de fekk éi von då de vart kalla, 5éin Herre, éi tru, éin dåp, 6éin Gud og Far for alle, han som er over alle og gjennom alle og i alle. 7Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt. 8Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, han gav menneska gåver. 9Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda?