Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
7når eg gjer Israel frisk, då blir Efraims skuld avslørt, og Samarias vondskap. Dei fer med svik, tjuven bryt seg inn, røvarane herjar i gata. 2 Dei seier ikkje til sitt hjarte at eg hugsar all deira vondskap. Men no er dei ringa inn av sine gjerningar, eg har dei for auge. 3 Dei gleder kongen med sin vondskap og stormennene med løgnene sine. 4 Alle er dei ekteskapsbrytarar, lik ein omn så heit at bakaren ikkje treng å fyra frå deigen er knadd og til han har heva seg. 5 På vår konges dag gjer dei stormenn sjuke av heten frå vinen. Han rekkjer handa til spottarar. 6 Hjartet deira liknar ein omn der dei ligg på lur. Heile natta søv harmen deira, om morgonen brenn han som logande eld. 7 Alle er dei heite som ein omn, dei et dommarane sine. Alle kongane deira er falne, ingen av dei kallar på meg. 8 Efraim blandar seg med folka. Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd. 9 Framande har ete krafta hans, men han veit det ikkje. Han er alt overstrødd med grått hår, men han veit det ikkje. 10 Israels hovmod vitnar mot han, men dei vender ikkje om til Herren sin Gud, dei søkjer han likevel ikkje. 11 Efraim har vorte som ei due, godtruande og utan forstand. Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur. 12 Når dei dreg, kastar eg nettet mitt over dei, eg dreg dei ned som himmelens fuglar, eg fangar dei når eg høyrer flokken deira. 13 Ve dei, for dei rømde frå meg! Død over dei, for dei braut med meg! Eg ville løysa dei ut, men dei tala løgn mot meg. 14 Dei ropar ikkje til meg av hjartet, men jamrar seg der dei ligg, for korn og ny vin rispar dei seg opp. Dei vender seg bort frå meg. 15 Eg lærte dei opp, og eg gav armane deira styrke, men dei tenkte ut vondt mot meg. 16 Dei vender om, men ikkje til meg, dei har vorte som ein slakk boge. Stormennene deira skal falla for sverd på grunn av si hatske tunge. Dette fører spott over dei i Egypt. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
07. juni 2023
15Herren sa til Moses: «Hvorfor roper du til meg? Si til israelittene at de skal dra videre! 16Du skal løfte staven din og rekke hånden ut over havet og kløve det, så israelittene kan gå tørrskodd tvers igjennom havet. ... Vis hele teksten
15Herren sa til Moses: «Hvorfor roper du til meg? Si til israelittene at de skal dra videre! 16Du skal løfte staven din og rekke hånden ut over havet og kløve det, så israelittene kan gå tørrskodd tvers igjennom havet. 17Se, jeg gjør egypterne harde, så de setter etter dem. Jeg skal vise min herlighet på farao og hele hans hær, på vognene og rytterne hans. 18Egypterne skal kjenne at jeg er Herren når jeg viser min herlighet på farao og vognene og rytterne hans.» 19Guds engel, som hadde gått foran Israels leir, byttet nå plass og gikk etter folket. Skysøylen som var foran dem, flyttet seg og stilte seg bak dem, 20så den kom mellom egypternes leir og israelittenes leir. Og skyen kom med mørke, men den lyste likevel opp natten, så de ikke kom inn på hverandre hele natten. 21Da rakte Moses hånden ut over havet, og Herren drev havet bort med en sterk østavind som blåste hele natten, så havet ble til tørt land. Vannet ble kløvd, 22og israelittene gikk tørrskodd tvers igjennom havet. Vannet sto som en mur til høyre og venstre for dem.
15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. ... Vis hele teksten
15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. 17Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. 18Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.» 19Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, 20så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. 21Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, 22og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
15Hearrá celkkii Mosesii: “Manne don čuorvvut munnje? Gohčo israellaččaid vuolgit johtui. 16Bajit iežat soappi, geige gieđa meara badjel ja ludde dan, vai israellaččat besset mannat meara rastá goikása mielde. ... Vis hele teksten
15Hearrá celkkii Mosesii: “Manne don čuorvvut munnje? Gohčo israellaččaid vuolgit johtui. 16Bajit iežat soappi, geige gieđa meara badjel ja ludde dan, vai israellaččat besset mannat meara rastá goikása mielde. 17Mun buoššudan egyptalaččaid váimmu, nu ahte sii vulget doarridit din. Mun čájehan iežan fámu go duššadan farao ja oppa su soahteveaga, buot su soahtevovnnaid ja vovdnaolbmáid. 18Egyptalaččat ipmirdit ahte mun lean Hearrá, go mun čájehan iežan fámu go duššadan farao, su soahtevovnnaid ja vovdnaolbmáid.” 19Ipmila eŋgel gii lei mannan israellaččaid ovddabealde, sirddii ja manai sin maŋis. Balvabázzi sirddii sin ovddabealde ja manai sin maŋis, 20nu ahte dat bođii egyptalaččaid veaga ja israellaččaid veaga gaskii. Balvva mielde šattai seavdnjat, muhto israellaččaide dat čuvgii ija, nu ahte geažos ijas veagat eai lahkanan nubbi nubbái. 21De Moses bajidii gieđa meara badjel, ja Hearrá ájii meara eret garra nuortabiekkain mii bosui geažos ija, ja mearra šattai goikeeanamin. Čáhči juohkásii guovtti beallái, 22ja israellaččat rasttildedje meara goikása mielde, ja čáhci lei seaidnin goappašiid bealde.