Gå til forsiden

Jesaja

11

Den rettferdige kongen

1 Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe,

og eit skot skal spira fram frå hans røter.

2  Herrens ande skal kvila over han,

ein Ande med visdom og forstand,

ein Ande med råd og styrke,

ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren.

3 Han skal ha si glede i frykta for Herren.

Han skal ikkje dømma etter kva auga ser,

og ikkje skifta rett etter kva øyra høyrer.

4 Han skal dømma fattige rettferdig,

i rettferd skal han skifta rett for dei hjelpelause i landet.

Han skal slå landet med riset i sin munn

og drepa dei urettferdige med pusten frå sine lepper.

5 Rettferd skal vera beltet om livet

og truskap beltet om hoftene hans.


6 Då skal ulven bu saman med lammet

og leoparden leggja seg hos kjeet.

Kalv og ungløve skal beita saman

medan ein smågut gjeter dei.

7 Ku og bjørn skal beita,

ungane deira leggja seg saman,

og løva skal eta halm som oksen.

8 Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen

og barnet strekkja handa ut mot ormebolet.

9 Ingen skal skada eller øydeleggja noko

på heile mitt heilage fjell.

For landet er fylt av kjennskap til Herren

slik vatnet dekkjer havsens botn.

10 Den dagen skal Isais rotskot

stå som eit banner for folka.

Folkeslaga skal søkja han,

og hans bustad skal vera herleg.

Dei bortførte skal venda attende

11 Den dagen skal Herren for andre gong

rekkja ut si hand og kjøpa fri

resten av folket sitt,

dei som er att frå Assur, Egypt, Patros, Kusj,

Elam, Sinear, Hamat og frå kystlanda.

12 Han skal lyfta eit banner for folka,

samla dei fordrivne av Israel

og føra saman dei spreidde av Juda

frå verdsens fire hjørne.

13 Då skal Efraims misunning forsvinna

og Judas fiendskap ryddast ut.

Efraim skal ikkje misunna Juda

og Juda ikkje vera fiendtleg mot Efraim.

14 Dei skal slå ned på skuldra til filistrane i vest,

saman skal dei plyndra folka i aust.

Dei skal leggja hand på Edom og Moab,

ammonittane må lyda dei.

15 Då skal Herren tørka ut

havbukta ved Egypt

og svinga handa over Storelva.

Med ein sterk storm

skal han kløyva elva i sju bekkefar

så ein kan gå tørrskodd over.

16 Og det skal vera ein veg

for den resten som er att

av Herrens folk frå Assur,

slik det var for israelittane

den dagen dei drog opp frå Egypt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.