Gå til forsiden

Jesaja

25

Valdsmenns velde er forbi

1  Herre, du er min Gud.

Eg lovsyng deg og prisar ditt namn.

Du har gjort under

slik du planla i gammal tid,

i truskap og sanning.

2 Byen gjorde du til ei steinrøys,

festningsbyen til ein ruin.

Borga til dei framande er ingen by meir.

Aldri skal ho byggjast opp att.

3 Difor skal eit mektig folk gje deg ære,

folkeslag i valdsmenns by skal frykta deg.

4 Du vart eit vern for dei veike,

eit vern for dei fattige i deira naud,

ei livd mot styrtregn, ein skugge mot heten.

For pusten frå valdsmenn

er som styrtregn mot muren,

5 som hete i eit uttørka land.

Du får larmen frå dei framande til å stilna.

Som ei sky gjev skugge mot heten,

vart songen til valdsmenn dempa.

Herrens festmåltid

6 På dette fjellet

skal Herren over hærskarane

gjera i stand for alle folk

eit festmåltid med feite retter,

eit festmåltid med gammal vin,

med feite, mergfulle retter

og gammal, klåra vin.

7 På dette fjellet skal han sluka

sløret som slører til alle folk,

dekket som dekkjer til alle folkeslag.

8 Han skal sluka døden for evig.

Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet.

Frå heile jorda skal han ta bort

vanæra til folket sitt.

For Herren har tala.

9 Den dagen skal dei seia:

«Sjå, dette er vår Gud!

Vi vona på han, og han frelste oss.

Dette er Herren, vi vona på han.

Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»

Moab går under

10 For Herrens hand skal kvila

over dette fjellet.

Men Moab skal han trakka ned

slik halm blir trakka ned i gjødselvatn.

11 Der strekkjer han ut hendene

lik ein symjar som legg på sum.

Men Gud slår hans hovmod ned

sjølv om han kavar med hendene.

12 Dine høge festningsmurar bryt han ned,

riv dei ned til dei ligg på jorda, i støvet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.