Gå til forsiden

Jesaja

62

Sion får att sin herlegdom

1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,

for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera roleg

før hennar rettferd bryt fram som lysglans

og hennar frelse brenn som ein fakkel.

2 Folkeslag skal sjå di rettferd

og alle kongar din herlegdom.

Du skal få eit nytt namn

som Herren sjølv skal kunngjera.

3 Du skal bli ein herleg krans i Herrens hand,

eit kongeleg diadem i din Guds opne hand.

4 Du skal ikkje lenger kallast Den forlatne,

og landet skal ikkje lenger kallast Det som er lagt audt.

Men du skal heita Den eg har kjær,

og landet ditt Den eg har teke til ekte.

For Herren har deg kjær

og vil ta landet til ekte.

5 Som ein ungdom gifter seg med ei jomfru,

skal dine søner gifta seg med deg,

som ein brudgom gleder seg over si brur,

skal din Gud gleda seg over deg.


6 Eg har sett vaktmenn ut

på murane dine, Jerusalem.

Dei skal aldri teia,

korkje dag eller natt.

De som påkallar Herren,

unn dykk ikkje ro!

7 Lat han ikkje få ro

før han byggjer Jerusalem opp att

og gjer henne til ein lovsong på jorda.


8  Herren sver ved si høgre hand

og ved sin veldige arm:

Eg vil aldri meir gje kornet ditt

til mat for fiendane dine,

og ikkje skal framande drikka den nye vinen

som du har slite for.

9 Nei, dei som haustar, skal eta

og prisa Herren.

Dei som sankar, skal drikka

i mine heilage tempelgardar.


10 Fram, fram gjennom portane,

rydd veg for folket!

Bygg veg, bygg veg

og reins han for stein!

Reis eit banner for folka!

11 Høyr, Herren lèt det høyrast til enden av jorda:

Sei til dotter Sion:

Sjå, di frelse kjem!

Dei han fekk som løn, er med han,

dei han vann, går føre han.

12 Dei skal kallast Det heilage folket,

dei som er løyste ut av Herren,

og sjølv skal du kallast Den etterspurde,

byen som ikkje er forlaten.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.