Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Jeremia

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52

Forrige kapittelNeste kapittel

Brevet til dei bortførte i Babel
29Dette er orda i brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att i eksil, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført i eksil frå Jerusalem til Babel;  2 det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene og leiarane i Juda og Jerusalem og handverkarane og smedane.  3 Han sende brevet med Elasa, son til Sjafan, og Gemarja, son til Hilkia, som Juda-kongen Sidkia sende til Babel-kongen Nebukadnesar i Babel:
   
 4 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel:  5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!  6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre.  7 De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.
   
 8 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hos dykk, og høyr ikkje på draumane de drøymer!  9 For dei profeterer løgn for dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, seier Herren.
   
10 Så seier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal eg sjå til dykk. Då skal eg oppfylla min gode lovnad for dykk og føra dykk tilbake til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
   
12 Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk. 13 De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden for dykk og samla dykk frå alle dei folkeslag og stader som eg har drive dykk bort til, seier Herren. Eg skal føra dykk til den staden eg førte dykk bort frå i eksil.
   
15 Men de seier: « Herren har reist opp profetar mellom oss i Babel.»
   
16 Så seier Herren om kongen som sit på Davids trone, og om alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje gjekk i eksil saman med dykk, 17 så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg sender sverd og svolt og pest imot dei og gjer dei lik sprokne fikenar som er så dårlege at dei ikkje kan etast. 18 Eg forfølgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til ei redsle for alle rike på jord, til forbanning og gru, spott og vanære mellom alle dei folkeslag eg har drive dei bort til. 19 For dei ville ikkje lyda mine ord, seier Herren, endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra, seier Herren. 20 Men høyr no Herrens ord, alle de som eg har sendt frå Jerusalem til eksil i Babel!
   
21 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om Ahab, son til Kolaja, og om Sidkia, son til Maaseja, som profeterer løgn for dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev dei over i hendene på Nebukadnesar, kongen av Babel. Han skal drepa dei framfor auga på dykk. 22 Dei skal bli brukte som forbanning mellom alle frå Juda som er i eksil i Babel: «Måtte Herren gjera deg lik Sidkia og Ahab, som kongen av Babel steikte på bålet!» 23 For dei gjorde skammelege gjerningar i Israel, braut ekteskapet med konene til kvarandre og tala usanne ord i mitt namn. Det hadde eg ikkje pålagt dei. Eg er han som veit det og kan vitna om det, seier Herren.
   
24 Til Sjemaja frå Nehlam skal du seia: 25 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja, son til Maaseja, og til alle dei andre prestane om at 26 Herren har sett deg til prest etter Jojada, så det kan vera tilsynsmenn i Herrens hus for alle desse som er frå vitet og driv og profeterer; du skal setja dei i gapestokk og halsjern. 27 No, kvifor trugar du ikkje Jeremia frå Anatot, han som driv og profeterer for dykk? 28 For no har han sendt brev til oss i Babel og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!»
   
29 Dette brevet las presten Sefanja opp medan profeten Jeremia høyrde på. 30 Då kom Herrens ord til Jeremia: 31 Send bod til alle dei som er i eksil: Så seier Herren om Sjemaja frå Nehlam: Sjemaja har profetert for dykk utan at eg har sendt han, og han har fått dykk til å stola på løgn. 32 Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Nehlam og hans ætt. Ingen av ætta hans skal få bu mellom dette folket og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt, seier Herren. For han har forkynt fråfall frå Herren.
Jer 29,9 viser til Jer 14,14+
Jer 29,19 viser til Jer 7,25ff
Jer 29,31 viser til Jer 28,15ff
Forrige kapittelNeste kapittel

06. desember 2021

Dagens bibelord

Salmane 65,10–14

Les i nettbibelen

10Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt, du gjer henne overdådig rik. Guds bekk er full av vatn, du sørgjer for kornet, ja, såleis sørgjer du for henne. 11Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde. ... Vis hele teksten

10Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt, du gjer henne overdådig rik. Guds bekk er full av vatn, du sørgjer for kornet, ja, såleis sørgjer du for henne. 11Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde. 12Du kronar året med dine gode gåver, spora dine flyt over av rikdom, 13beita i øydemarka flyt over, haugane smykkar seg med jubel. 14Markene kler seg med sauer, dalane sveiper seg i korn. Dei ropar av glede, dei syng.