Gå til forsiden

Jeremia

5

Kvifor skulle eg tilgje deg?

1 Gå rundt i Jerusalems gater,

sjå og forstå,

leit på torga hennar

og prøv å finna ein,

ein einaste, som gjer rett

og søkjer truskap,

så eg kan tilgje byen.

2 Dei seier «så sant Herren lever»,

men sver likevel falskt.

3  Herre, auga dine ser etter truskap.

Du slo dei,

men dei kjende ikkje smerte,

du gjorde ende på dei,

men dei nekta å ta lærdom av det.

Dei gjorde andleta hardare enn stein

og nekta å venda om.


4 Eg tenkte:

Dei er berre små og tåpelege,

for dei kjenner ikkje Herrens veg,

sin Guds rett.

5 Eg vil gå til dei store

og tala med dei,

for dei kjenner Herrens veg,

sin Guds rett.

Men dei har alle brote åket

og slite lenkjene sund.

6 Difor skal løva frå skogen slå dei ned,

ulven frå øydemarka skal herja,

ved byane ligg leoparden på lur,

alle som går ut, blir rivne i hel.

For brota deira er mange,

gong på gong har dei falle frå.


7 Kvifor skulle eg tilgje deg dette?

Sønene dine har forlate meg

og svore ved gudar som ikkje er gudar.

Eg metta dei, men dei braut ekteskapet,

i horehuset rispa dei seg opp.

8 Dei er brunstige, velfødde hestar,

kvar mann vrinskar etter kona til grannen.


9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,

seier Herren,

skulle eg ikkje hemna meg

på eit folkeslag som dette?

10 Gå opp på terrassane i vinmarka

og øydelegg dei, men ikkje heilt!

Ta bort vinrankene,

for dei høyrer ikkje Herren til.

11 For dei har vore trulause mot meg,

både Israels og Judas hus,

seier Herren.

12 Dei fornektar Herren og seier:

«Han finst ikkje,

ulukka kjem ikkje over oss,

sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13 Profetane skal bli til vind.

Dei har ikkje ordet i seg.

Slik skal det gå med dei.»


14 Difor seier Herren, allhærs Gud:

Sjå, fordi de talar slike ord,

gjer eg mine ord i din munn til ein eld

og dette folket til ved

som elden skal øyda.

Fienden et opp alt

15 Sjå, Israels hus, eg sender mot dykk

eit folkeslag frå det fjerne,

seier Herren.

Det er eit mektig folkeslag,

eit folk frå gammal tid.

Du kjenner ikkje språket deira

og skjønar ikkje kva dei seier.

16 Pilkoggera deira er som ei open grav,

krigarar er dei alle.

17 Dei et kornet og brødet ditt,

dei et sønene og døtrene dine,

dei et småfeet og storfeet ditt,

dei et vinstokkane og fikentrea dine.

Festningsbyane dine, som du lit på,

skal dei utsletta med sverd.


18 Men jamvel i dei dagane, seier Herren, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt. 19 Når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette mot oss?» – då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»

Fryktar de meg ikkje?

20 Kunngjer dette i Jakobs hus,

og lat det høyrast i Juda:

21 Høyr dette, du tåpelege og uvituge folk

som har auge, men ikkje ser,

og øyre, men ikkje høyrer.

22 Fryktar de meg ikkje, seier Herren,

skjelv de ikkje for mitt andlet?

Eg la sand til grense for havet,

ei evig grense som det ikkje kjem over.

Bølgjene slår, men klarer det ikkje,

dei bryt, men slår ikkje over.

23 Men dette folket har

eit trassig og opprørsk hjarte,

dei har vike av og gått bort.

24 Dei seier ikkje i hjartet sitt:

«Lat oss frykta Herren vår Gud,

han som gjev regn i rett tid,

både haustregn og vårregn,

og passar på vekene

som er fastsette for oss til innhausting.»


25 Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar,

syndene held det gode borte frå dykk.

26 For det finst urettferdige i folket mitt.

Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning,

set feller og fangar menneske.

27 Som ei korg full av fuglar,

slik er husa deira.

Dei er fulle av svik.

Difor har dei vorte store og rike,

28 tjukke og feite.

Det fløymer over av vonde ord:

Dei dømmer ikkje rett

så farlause kan vinna fram med si sak,

og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.

29 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,

seier Herren,

skulle eg ikkje hemna meg

på eit folkeslag som dette?

30 Forferdelege og gruelege ting

skjer i landet.

31 Profetane spår løgn,

prestane styrer etter deira råd,

og folket mitt vil ha det slik.

Men kva vil de gjera

når dette tek slutt?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.