Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus vekkjer opp Lasarus
11Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.  2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar.  3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»  4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.»  5 Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.
   
 6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var.  7 Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.»  8 «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?»  9 Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda. 10 Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»
   
11 Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.» 12 «Herre», sa læresveinane, «er han sovna, så blir han nok frisk att.» 13 Jesus hadde tala om at han var død, men dei trudde han tala om vanleg søvn. 14 Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død. 15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.» 16 Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»
   
17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. 18 Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag, 19 og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. 20 Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. 21 Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. 22 Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» 23 «Bror din skal stå opp att», seier Jesus. 24 «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. 25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» 27 «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
   
28 Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29 Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han. 30 Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han. 31 Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.
   
32 Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» 33 Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, 34 og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei. 35 Jesus gret. 36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.» 37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?» 38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga. 39 «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.» 40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» 43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»
Planar om å drepa Jesus
45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. 47 Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. 48 Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» 49 Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. 50 De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» 51 Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. 52 Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. 53 Frå den dagen la dei planar om å drepa han. 54 Difor gjekk ikkje Jesus ope omkring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og drog til området ved øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.
   
55 Påskehøgtida til jødane nærma seg, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg. 56 Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» 57 Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 1,35–46

Les i nettbibelen

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. ... Vis hele teksten

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.