Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus blir salva i Betania
12Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.  2 Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han.  3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.  4 Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus:  5 «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»  6 Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der.  7 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.  8 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»
   
 9 Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde. 10 Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, 11 for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.
Jesus rid inn i Jerusalem
12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
           Hosianna!
           Velsigna er han som kjem
           i Herrens namn,
           Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
          
   
15  Ver ikkje redd, dotter Sion!
           Sjå, kongen din kjem,
           ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.
   
17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»
Jesus talar om at han skal døy
20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. 21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. 25 Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. 26 Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.
   
27  No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. 28 Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»
   
29 Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» 30 Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld. 31 No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. 32 Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» 33 Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.
   
34 Då sa folket: «Vi har høyrt i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen må lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?» 35 Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36 Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.
Vantru og dom
37 Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han. 38 For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala:
           Herre, kven trudde bodskapen vår,
           kven vart Herrens arm openberra for?
39 Dei kunne ikkje tru, for ein annan stad seier Jesaja:
          
   
40  Han har gjort auga deira blinde
           og hjartet deira hardt,
           så dei ikkje skal sjå med auga
           og skjøna med hjartet
           og venda om, så eg får lækja dei.
41 Dette sa Jesaja fordi han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.
   
42 Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, så dei ikkje skulle bli utstøytte av synagogen. 43 For dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud.
   
44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. 45 Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. 46 Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret. 47 Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda. 48 Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har tala, skal dømma han på den siste dagen. 49 For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Far som har sendt meg, har gjeve meg påbod om kva eg skal seia, og kva eg skal tala. 50 Og eg veit at hans påbod er evig liv. Det eg seier, det seier eg slik Far har sagt meg det.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 1,35–46

Les i nettbibelen

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. ... Vis hele teksten

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.