Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus bed for alle sine
17Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:
        «Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg.
 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.  3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.  4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.  5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.
   
 6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt.  7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg.  8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.
   
 9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. 10 Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. 11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt. 12 Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan fortapingssonen, så Skrifta skulle oppfyllast. 13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning. 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.
   
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. november 2022

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Da de nærmet seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sendte Jesus to disipler av sted 2og sa til dem: «Gå inn i landsbyen som ligger foran dere! Der skal dere straks finne et esel som står bundet og har en fole hos seg. Løs dem og lei dem hit til meg! ... Vis hele teksten

1Da de nærmet seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sendte Jesus to disipler av sted 2og sa til dem: «Gå inn i landsbyen som ligger foran dere! Der skal dere straks finne et esel som står bundet og har en fole hos seg. Løs dem og lei dem hit til meg! 3Og om noen kommer med spørsmål, skal dere svare: ‘Herren har bruk for dem.’ Da skal han straks sende dem med dere.» 4Dette skjedde for at det ordet skulle oppfylles som er talt gjennom profeten: 5Si til datter Sion: Se, din konge kommer til deg, ydmyk er han og rir på et esel og på trekkdyrets fole. 6Disiplene gikk av sted og gjorde som Jesus hadde sagt, 7og hentet eselet og folen. Så la de kappene sine på dem, og han satte seg opp. 8Mange i folkemengden bredte kappene sine ut over veien, andre skar greiner av trærne og strødde på veien. 9Og mengden som gikk foran, og de som fulgte etter, ropte: Hosianna, Davids sønn! Velsignet er han som kommer i Herrens navn! Hosianna i det høyeste! 10Da han dro inn i Jerusalem, ble det uro i hele byen, og de spurte: «Hvem er dette?» 11Og mengden svarte: «Det er profeten Jesus fra Nasaret i Galilea.»

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg ... Vis hele teksten

1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg 2og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» 4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: 5Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr. 6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste! 10Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Go sii lahkanedje Jerusalemii ja bohte Betfagei Oljovári vuollái, de Jesus vuolggahii máhttájeddjiinis guoktása ... Vis hele teksten

1Go sii lahkanedje Jerusalemii ja bohte Betfagei Oljovári vuollái, de Jesus vuolggahii máhttájeddjiinis guoktása 2ja celkkii sudnuide: “Manni don gillái mii do oidno. Dallán go joavdabeahtti dohko, de gávdnabeahtti čadnojuvvon ásena ja várssá dan bálddas. Čoavdi daid ja bukti munnje. 3Jos muhtin dadjá dudnuide juoidá, de daddji ahte Hearrá dárbbaša daid, muhto vuolggaha daid fargga ruoktot.” 4Dát dáhpáhuvai vai ollašuvvá dat mii lea celkojuvvon profehta bokte: 5Celket nieida Sionii: Geahča, du gonagas boahtá du lusa! Son lea vuollegaš ja riide áseniin, fievrošibiha várssáin. 6Máhttájeaddji guovttos vulggiiga ja dagaiga nugo Jesus lei gohččon. 7Soai buvttiiga ásena ja várssá ja bijaiga daid ala oalgebiktasiiddiska, ja Jesus čohkánii ásena čielgái. 8Eatnagat lebbo biktasiiddiset geainnu ala, soapmásat čuhppe muorain ovssiid ja gilve daid geainnu ala. 9Ja olbmot geat vázze su ovddas ja maŋis, čurvo: “ Hosianna, Davida bárdni! Buressivdniduvvon lehkos son guhte boahtá Hearrá nammii! Hosianna allagasas!” 10Go son bođii Jerusalemii, de oppa gávpot lihkadišgođii, ja buohkat jerre: “Gii son lea?” 11Olbmot dadje: “Son lea Jesus, profehta Nasaretis Galileas eret.”