Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Bryllaupet i Kana
2Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der.  2 Også Jesus og læresveinane hans var bedne.  3 Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»  4 «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»  5 Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
   
 6 No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.  7 «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.  8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.  9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10 og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
   
11 Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han. 12 Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
Det gamle og det nye tempelet
13 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem. 14 På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15 Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16 og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!» 17 Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!
   
18 Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» 19 Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» 20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21 Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp. 22 Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
Jesus og Nikodemus
23 Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde. 24 Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle, 25 og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 1,35–46

Les i nettbibelen

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. ... Vis hele teksten

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.