Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Se film

Les mer om BibleProject.
Se overblikksfilm

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus sender ut dei syttito
10Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.  2 Og han sa til dei:
        «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.
 3 Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.  4 Ta ikkje med pengepung, ikkje veske og ikkje skor, og hels ikkje på folk på vegen.  5 Men når de kjem inn i eit hus, skal de først seia: ‘Fred vere med denne heimen!’  6 Om der bur eit fredens menneske, skal freden dykkar kvila over han. Dersom ikkje, skal freden venda attende til dykk sjølve.  7 Bli verande der i huset og et og drikk det dei byd fram! For ein arbeidar er verd si løn. Flytt ikkje frå hus til hus!  8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!  9 Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’ 10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11 ‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’ 12 Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
Verop over byar i Galilea
13 Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske. 14 Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de. 15 Og du, Kapernaum – skal du bli opphøgd like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned!
   
16 Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.»
Dei syttito kjem tilbake
17 Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!»
Kven Sonen er
21 I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
   
23 Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»
Den miskunnsame samaritanen
25 Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 26 «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?» 27 Han svara: « Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» 28 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» 29 Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» 30 Jesus tok dette opp og sa:
        «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
31 Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. 32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. 33 Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. 34 Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. 35 Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
   
36 Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» 37 «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
Jesus hos Marta og Maria
38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han *i heimen sin.• 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

29. november 2022

Dagens bibelord

Åpenbaringen 21,1–5

Les i nettbibelen

1Og jeg så en ny himmel og en ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer. 2Og jeg så den hellige byen, det nye Jerusalem, stige ned fra himmelen, fra Gud, gjort i stand og pyntet som en brud for sin brudgom. ... Vis hele teksten

1Og jeg så en ny himmel og en ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer. 2Og jeg så den hellige byen, det nye Jerusalem, stige ned fra himmelen, fra Gud, gjort i stand og pyntet som en brud for sin brudgom. 3Og jeg hørte fra tronen en høy røst som sa: «Se, Guds bolig er hos menneskene. Han skal bo hos dem, og de skal være hans folk, og Gud selv skal være hos dem. Han skal være deres Gud. 4Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne, og døden skal ikke være mer, heller ikke sorg eller skrik eller smerte. For det som en gang var, er borte.» 5Han som sitter på tronen, sa: «Se, jeg gjør alle ting nye.» Og han la til: «Skriv det ned, for dette er troverdige og sanne ord.»

Dagens bibelord

Openberringa 21,1–5

Les i nettbibelen

1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. ... Vis hele teksten

1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. 3Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. 4Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.» 5Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

Dagens bibelord

Johannes' openberring 21,1–5

Les i nettbibelen

1Ja mun oidnen ođđa almmi ja ođđa eatnama. Ovddit albmi ja ovddit eanan ledje jávkan, iige áhpi lean šat. 2Mun oidnen go bassi gávpot, ođđa Jerusalem, bođii vuolás almmis Ipmila luhtte, ráhkaduvvon nugo moarsi gii lea čiŋahuvvon irgásis. ... Vis hele teksten

1Ja mun oidnen ođđa almmi ja ođđa eatnama. Ovddit albmi ja ovddit eanan ledje jávkan, iige áhpi lean šat. 2Mun oidnen go bassi gávpot, ođđa Jerusalem, bođii vuolás almmis Ipmila luhtte, ráhkaduvvon nugo moarsi gii lea čiŋahuvvon irgásis. 3Ja mun gullen truvnnus alla jiena mii celkkii: “Geahča, Ipmila goahti olbmuid gaskkas! Son ássá sin gaskkas, ja sii šaddet su álbmogin. Ipmil ieš lea sin luhtte. 4Son sihkku sin čalmmiin juohke gatnjala. Jápmin ii leat šat, ii moraš, bárgun iige váivi. Buot mii lei ovdal, lea jávkan.” 5Son gii čohkká truvnnus, celkkii: “Geahča, mun dagan buot ođasin.” Son celkkii: “Čále, dát leat luohtehahtti ja duohta sánit.”