Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
LIKNINGANE OM SAUEN, MYNTEN OG SØNENE (Kap. 15) 15 Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han. 2 Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» 3 Då fortalde han dei denne likninga: Sauen som vart attfunnen 4 «Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? 5 Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. 6 Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ 7 Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. Sølvpengen som vart attfunnen 8 Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? 9 Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ 10 På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.» Sonen som kom heim 11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. 14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15 Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. 16 Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. 17 Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18 Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ 20 Så braut han opp og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21 Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ 22 Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til. 25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. 27 ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ 28 Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ 31 Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. 32 Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’» |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
30. mai 2023
14Stå da fast! Spenn sannhetens belte rundt livet og kle dere i rettferdighetens brynje, 15stå klar med fredens evangelium som sko på føttene. 16Hold alltid troens skjold høyt! Med det kan dere slukke alle den ondes brennende piler. ... Vis hele teksten
14Stå da fast! Spenn sannhetens belte rundt livet og kle dere i rettferdighetens brynje, 15stå klar med fredens evangelium som sko på føttene. 16Hold alltid troens skjold høyt! Med det kan dere slukke alle den ondes brennende piler. 17Ta imot frelsens hjelm og Åndens sverd, som er Guds ord. 18Gjør dette i bønn, og legg alt fram for Gud! Be alltid i Ånden! Våk og hold ut i bønn for alle de hellige, 19også for meg. Be om at de rette ordene må bli gitt meg når jeg skal tale, så jeg frimodig kan gjøre evangeliets mysterium kjent, 20det som jeg er sendebud for også mens jeg er i lenker. Be om at jeg ved evangeliet får frimodighet til å tale slik jeg skal.
14Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. ... Vis hele teksten
14Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet, 20det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
14De bissot nanusin, boahkánastet iežadet duohtavuođain ja gárvodehket vanhurskkisvuođa ruovdegárvvu 15ja gámahehket julggiid geargatvuođain sárdnidit ráfi evangeliuma. 16Dollet álo oskku galbba mainna nagodehpet čáskadit bahágasa buolli njuolaid. ... Vis hele teksten
14De bissot nanusin, boahkánastet iežadet duohtavuođain ja gárvodehket vanhurskkisvuođa ruovdegárvvu 15ja gámahehket julggiid geargatvuođain sárdnidit ráfi evangeliuma. 16Dollet álo oskku galbba mainna nagodehpet čáskadit bahágasa buolli njuolaid. 17Váldet maiddái bestojumi oaivesuoji ja Vuoiŋŋa miehki, mii lea Ipmila sátni. 18Dahket dan rohkadallamiin ja átnumiin. Rohkadallet álelassii Vuoiŋŋas. Gohcet ja bissot nanusin go rohkadallabehtet buot bassi olbmuid ovddas. 19Rohkadallet maiddái mu ovddas, vai munnje addojuvvojit rievttes sánit gulahit roahkkadit evangeliuma čiegusvuođa 20man áirras mun lean, dál giddagasas. Rohkadallet ahte mun oččošin roahkkatvuođa sárdnut nugo galggan.