Nyhet! Tidslinjen - 52 gjenfortalte bibelfortellinger med illustrasjoner og lyd.

Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

JESUS GJER UNDER (8,1–9,34)
Den spedalske mannen
8    Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk følgde han.  2 No kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»  3 Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.  4 Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
Offiseren i Kapernaum
 5 Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:  6 «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»  7 Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»  8 «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.  9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.» 10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. 11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. 12 Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» 13 Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.
Peters svigermor og andre sjuke
14 Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber. 15 Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.
   
16 Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke. 17 Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja:
           Han tok bort våre plager
           og bar våre sjukdomar.

Jesus krev alt
18 Då Jesus såg så mykje folk omkring seg, gav han bod om å fara over til andre sida av sjøen. 19 Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil følgja deg kvar du så går.» 20 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.» 21 Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.» 22 Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»
Jesus stiller stormen
23 Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han. 24 Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov. 25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!» 26 Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt. 27 Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»
To menn frå gravhòlene
28 Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen. 29 Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»
   
30 Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte. 31 Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.» 32 «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i grisene. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.
   
33 Dei som gjette grisene, rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt og sa korleis det hadde gått med dei som hadde hatt vonde ånder. 34 Heile byen kom ut for å møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.
Note: spedalsk: Ordet viser til ein hudsjukdom. ▶sjukdom.
Note: Meister: «lærar», tittel nytta om jødiske lovlærarar. >23,7.9.
Matt 8,20 viser til 2 Kor 8,9
Note: Menneskesonen: den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. ▶Jesu titlar.
Note: Gadarenar-landet: landområde søraust for Gennesaretsjøen. Ulike skrivemåtar i handskriftene gjer at ein kan knyta området til ulike byar: Gadara, Gerasa, Gergesa.
Note: Gadarenar-landet: landområde søraust for Gennesaretsjøen. Ulike skrivemåtar i handskriftene gjer at ein kan knyta området til ulike byar: Gadara, Gerasa, Gergesa.
Forrige kapittelNeste kapittel

17. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 16,19–31

Les i nettbibelen

19Det var en rik mann som kledde seg i purpur og fineste lin og levde i fest og luksus dag etter dag. 20Men utenfor porten hans lå det en fattig mann som het Lasarus, full av verkende sår. ... Vis hele teksten

19Det var en rik mann som kledde seg i purpur og fineste lin og levde i fest og luksus dag etter dag. 20Men utenfor porten hans lå det en fattig mann som het Lasarus, full av verkende sår. 21Han ønsket bare å få mette seg med det som falt fra den rikes bord. Hundene kom til og med og slikket sårene hans. 22Så døde den fattige, og englene bar ham til Abrahams fang. Den rike døde også og ble begravet. 23Da han slo øynene opp i dødsriket, der han var i pine, så han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil ham. 24‘Far Abraham’, ropte han, ‘ha barmhjertighet med meg og send Lasarus hit, så han kan dyppe fingertuppen i vann og svale tungen min. For jeg pines i denne flammen.’ 25Men Abraham svarte: ‘Husk, mitt barn, at du fikk alt det gode mens du levde, og Lasarus fikk det vonde. Nå trøstes han her, mens du er i pine. 26Dessuten er det lagt en dyp kløft mellom oss og dere, slik at de som vil komme herfra og over til dere, ikke skal kunne det, og ingen kan gå over fra dere til oss.’ 27Da sa den rike: ‘Så ber jeg deg, far, at du sender ham 28til mine fem brødre hjemme hos min far for å advare dem, så ikke de også skal komme til dette pinestedet.’ 29Men Abraham sa: ‘De har Moses og profetene, de får høre på dem.’ 30Han svarte: ‘Nei, far Abraham, men kommer det noen til dem fra de døde, vil de omvende seg.’ 31Abraham sa: ‘Hører de ikke på Moses og profetene, lar de seg heller ikke overbevise om noen står opp fra de døde.’»